NRK Meny
Normal

– Kan bli påkøyrt av toget og få 15.000 volt gjennom kroppen

– Det har vore dødsulukker tidlegare, men risikoåtferda ser ut til å halda fram, seier Jernbaneverket. Sjå «skrekkbileta» deira frå Finse.

Kiting ved Finse stasjon

LIVSFARLEG: Jernbaneverket åtvarar mot skiaktivitet ved toglinja. Dette biletet blei tatt ved Finse stasjon måndag.

Foto: Jernbaneverket

Inge Hjertaas

KAN BLI STENGT: – Skisegl og snorer i kontaktleidningsanlegget kan skapa langvarig trafikkstans på banen, sjølv om «syndaren» ikkje sjølv kjem til skade, seier Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det mest openberre er jo faren for å bli påkjørt av toget.

Inge Hjertaas
Kiting Finse
Foto: Jernbaneverket

Kvar vinter åtvarar Jernbaneverket skiløparar mot farleg og ulovleg ferdsel nær og i jernbanesporet på Bergensbanens høgfjellsstrekning.

No har det vist seg at folk som driv med skisegling og kiting heller ikkje alltid held seg i trygg avstand frå jernbanelinja, seier kommunikasjonssjef i Jernbaneverket, Inge Hjertaas.

– Det mest openberre er jo faren for å bli påkjørt av toget. Det som er like viktig å hugsa på, er at kontaktleidningen fører straum med 15.000 volt spenning. Å koma i kontakt med leidningen via snorer eller på annan måte, kan derfor vera livsfarleg, skriv Hjertaas i ei pressemelding.

Har vore dødsulukker

Jernbaneverket er naturleg nok også opptekne av togtrafikken.

– Skisegl og snorer i kontaktleidningsanlegget kan skapa langvarig trafikkstans på banen, sjølv om «syndaren» ikkje sjølv kjem til skade, ifølgje Hjertaas.

Det har tidlegare vore både dødsulukker og mange tilløp til ulukker på Bergensbanens høgfjellsstrekning fordi skiløparar tar sjansar ved kryssing av sporet.

– Jernbaneverket ser med stor uro på dette. Det er umogeleg å sperra av jernbanelinja på mange mils strekning, spesielt når snøen ligg djup langs høgfjellsstrekninga. Vi er derfor avhengige av at folk er ansvarlege og ikkje tar sjansar når sporet skal kryssast, seier Hjertaas.

Ber folk gå trygge stader

I samband med den kommande påskeferien går dei no ut og åtvarar mot farane knytt til skiaktivitet ved toglinjene, og oppmodar om aktsemd.

– Sjølv om det kan bety ein omveg, er det stader der sporet kan kryssast trygt – på planovergangar, på overgangsbruer, via undergangar og over tunnelar, seier Hjertaas.

Finse stasjon

FARLEG KRYSSING: Jernbaneverket fryktar å måtte stenge toglinjene i påska grunna farlege kryssingar og skikøyring.

Foto: Jernbaneverket