Hopp til innhold

– Det blir kamp heile vegen inn

Timeplanen til byrådsleiarkandidatane er heller ekstrem i dagane før valet. Enno er det tid å få folk opp av stolen og til stemmelokala.

Politikarane er ute å frir til dei siste veljarane.

SJÅ REPORTASJEN: Både Harald Schjelderup (Ap) og Martin Smith-Sivertsen (H) brukar helga til ein siste innspurt i valkampen. Det ligg an til å bli svært tett mellom dei ulike byrådskonstellasjonane.

Vallogo

Harald Schjelderup frå Arbeidarpartiet møter NRK utanfor Sletten senter i Bergen. Her deler han ut løpesetlar og slår av ein prat med bergensarane. No er det siste innspurt og tvilarane kan enno omvendast i dagane før valet.

– Det aller viktigaste er å møte dei som sympatiserer med oss, men som er usikker på om dei skal stemme, seier Schjelderup.

Dei siste meiningsmålingane syner at Arbeidarpartiet no har sjansen til å ta over. Høgre, som i dag har ordføraren og byrådsleiaren, har lenge kjempa i motvind. Men kva konstellasjon som får fleirtal og som skal vere med i byråd er framleis heilt opent.

Full mobilisering

Dermed er kvar stemme med på å avgjera korleis byrådet og bystyret ser ut etter kommunevalet. Blir det skifte, eller får Høgre halda fram med borgarleg fleirtal?

På Torgallmenningen i Bergen sentrum går dagens byrådsleiar rundt og frir like ivrig til veljarane som motkandidat Harald Schjelderup (Ap).

- No er det beint fram mobilisering herifrå og inn, seier Smith-Sivertsen.

Knallhard helg

Både han og alle andre har no ekstreme timeplanar i dagane før valet på måndag. Målet er sjølvsagt å nå ut til flest mogleg.

– Det blir nesten heile døgnet altså. Det blir å besøke alle bydelar og snakke med veljarane.

– Vi må stå på heile vegen fordi det er så usikkert. No ligg det å vekslar mellom kva blokker som har fleirtal. Så her blir det kamp heile vegen inn, avsluttar Smith-Sivertsen.

Professor og forskar ved UiB, Jacob Aars.

– Innspurten hjelper

Professor og forskar ved Universitetet i Bergen, Jacob Aars, seier den intense valkampinnspurten har noko for seg for partia.

– Veljarane set pris på slik kontakt ansikt til ansikt. Det er viktigare enn ein telefon eller eit brev. Ein slik innspurt hjelp politikarane fordi det er mange som sit på gjerdet og det er mange som sit heime på valdagen.

– Det er også mange som bestemmer seg seint, derfor er det viktig å rykke dei siste veljarane ut av sofaen og få sikra dei stemmene, seier Aars.

Følg valnatta måndag 14. september direkte her på våre nettsider. Vi sender i fem timar på nett/radio/tv frå klokka 20.30, direkte frå Litteraturhuset i Bergen.