NRK Meny
Normal

74 mill kroner til rassikring står ubrukt

– Fylkeskommunane bruker altfor lite av pengane dei har fått til rassikring av fylkesvegar, seier samferdelsministeren.

Ras Tokagjeldet

MANGE RAS: Fylkesveg 7 har hatt fleire ras. Her er bilete frå eir ras som gjekk mellom dei to tunnelane i Tokagjelet i 2013.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Vi ser at pengar til rassikring på fylkesvegane står ubrukt, seier Frp sin samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Solvik-Olsen kallar det eit stort problem at mange millionar til rassikring står ubrukt på konto. I fire av dei fem siste åra har store summar til rassikringsprosjekt blitt ståande ubrukt.

– For meg er det viktig at vi får realisert prosjekt som gjer at vegane blir tryggare og ikkje blir stengt på grunn av skred verken sommar eller vinter, seier Solvik-Olsen.

Minst 74 millionar ubrukte rasmidlar

Ifølge ferske tal frå nasjonal rassikringsgruppe hadde fylkeskommunane 1. januar i år framleis minst 74 millionar kroner til gode til rassikring av fylkesvegar. Då manglar det tal frå Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Ketil Solvik-Olsen

UBRUKTE PENGAR: – Vi ser at pengar til rassikring på fylkesvegane står ubrukt, seier Frp sin samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Aller mest ubrukte rasmidlar har Hordaland. Sjølv om behovet for rassikring er stort, så har dette fylket åleine 62 millionar kroner som dei i løpet av dei siste åra ikkje har klart å bruka opp.

– Tok lengre tid enn rekna

Samferdselssjef i Hordaland fylkeskommune , Håkon Rasmussen, seier årsaka har vore forsinka planarbeid, men at pengane vil bli brukt opp til rassikring i år og til neste år.

– Før har vi ikkje brukt opp pengane på grunn av at planprosessane tok lengre tid enn først rekna, seier Rasmussen.

Fylket som brenn inne med desidert flest millionar til rassikring har no omsider gitt pengane bein å gå på, med to store tiltak på fylkesvegen i Granvin.

– Vi byggjer no to store rassikringsprosjekt på fylkesveg 7. Det gjer at vi bruker opp alle pengane vi har til rassikring både i 2014 og 2015, seier Rasmussen.

Tal frå Nasjonal rassikringsgruppe

Fylkeskommunane sine midlar til rassikring

Finnmark

1,9 millionar kr til gode

Nordland

6 millionar kr til gode

Oppland

3,9 millionar kr til gode

Rogaland

Brukte alt (60 mill)

Sogn og Fjordane

Brukte alt (47 mill og 25 mill frå året før)

Hordaland

6,2 millionar kr til gode

Troms

Brukte alt (27 mill)

– Må sjå nærare på dette

Statsråd Solvik-Olsen sette i gong ulike tiltak i fjor for å få fylkeskommunane til å gjennomføra skredsikringa dei har fått pengar til.

– No kan ein flytte pengar frå eit prosjekt til eit anna, om ting ikkje er ferdig planlagt på ein stad. Før var pengane derimot låst fast i prosjektet, seier Solvik-Olsen.

Men samferdselsministeren er ikkje nøgd når framleis om lag 10 prosent av skredsikringsbudsjettet for norske fylkesvegar likevel ikkje er nytta.

– Når ikkje prosjekt vert realisert og pengar ikkje nytta, så må vi sjå meir på dette, seier Solvik-Olsen.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017