Hopp til innhold

– Han leverte med brask og bram

Med god hjelp frå gamle lagkameratar vart 21-årige Bjarte Haugsdal matchvinnar då Brann tok sigeren heim i går.

Bjarte Haugsdal

2-0: Bjarte Haugsdal i det han ser at ballen går forbi Sogndal-keeper Kenneth Udjus.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

– Det er utruleg stort for ein lokal gut. Det var veldig deilig å få til ein god kamp når eg fyrst fekk moglegheita. Eg fekk bite litt frå meg, seier Haugsdal sjølv til NRK.no.

Les også: Tabber felte Sogndal mot Brann

Vikariat med stil

Video Rune Skarsfjord

Rune Skarsfjord rosar matchvinnar Haugsdal.

Foto: Nyhetsspiller

Ungguten vart også kåra til bana sin beste i det som var den fyrste kampen hans som spiss for Brann.

Å vikariera for toppskårar Kim Ojo syns han gjekk greit.

– Klart det er store sko å fylla, men eg er ein annan spelar og me la opp spelet litt annleis. Det fungerte bra og det var kjekt.

Den solide spissdebuten får også ros frå trenar Rune Skarsfjord.

– Han leverte med brask og bram og sprang så lenge han klarte. Han skåra eit mål og hadde ei i stanga. Ein fantastisk årsdebut frå start.

– Og i tillegg haldt han på å skåra eit kjempemål i fyrste omgang, seier han.

Fekk hjelp av gamle kjende

Dei to tidlegare Brann-spelarane Kenneth Udjus og Cato Hansen fekk ikkje det attsynet med Brann stadion dei hadde håpa på.

Brann - Sogndal 2-0, Cato Hansen (t.v.)

Cato Hansen i aksjon mot Brann i går.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med kvar sin fatale feilpasning gav dei i tur og orden vekk to mål.

– Det er klart det er skuffande og litt spesielt irriterande at det er mi feilpasning, seier Hansen til NRK.no.

Udjus tykkjer på si side at dei to måla var lite naudsynte.

– Det andre målet gjer eg jo vekk. Og eg syns at det var to drittmål dei skåra på.

– Men når eg fyrst skulle gje ballen vekk til nokon, så var det greit å gje han vekk til Haugsdal, humrar han.

Les også: Måtte gå spissrotgang etter blemma | Så spesielt var møtet med eks-laget

Eit surt tap

Harald Aabrekk intervjua på TV

Harald Aabrekk.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg kjenner at me tok godt tak i kampen i andre omgang og skapte moglegheiter, til trass for at me ikkje er heilt kvasse i avslutninga.

– Men så kjem det to litt ulukksalige situasjonar som diverre går mot oss, seier Sogndal-trenar Harald Aabrekk.

Han får støtte frå Kenneth Udjus.

– Til no har me hatt marginene med oss og vore litt heldige. Men i går kjende eg at me ikkje hadde det. Dei får eit heldig fyrste og andre mål, seier han.