Hopp til innhold

Måtte gå spissrotgang etter blemma

Kenneth Udjus heldt humøret oppe, sjølv om han i det uendelege måtte snakke om målet som felte Sogndal...

Brann - Sogndal 2-0, Kenneth Udjus

BLEMME: Kenneth Udjus var samtaletema blant mange etter kampen mot Brann, der han må ta den andre scoringa på si kappe.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg synest eg stod ein relativt solid kamp lenge, men så kom det to raske mål, seier Udjus til NRK-no.

– Kva er det som eigentleg skjer på målet, der Brann snappar ballen og scorar?

– Eg sparka borti min eigen fot. Så det er ein sløv feil, forklarer keeperen.

– Kunne like gjerne skje mot Brann

Brann vann heilt fortent 2-0 i vestlandsderbyet mot Sogndal i Bergen. Sogningane verka lenge nøgde med eitt poeng, men så fekk heimelaget hol på byllen:

Først etter 76 minutt, då Diego Guastavino klinka ballen i mål i ei boge via Kenneth Udjus. Deretter fekk Bjarte Haugsdal ein draumedebut framfor eige publikum - ein situasjon som nok vil forfølgje Udjus ei stund...

Udjus skulle klarere eit tilbakespel, men ballen hamna rett i beina til Brann-spissen, som enkelt sitte spikaren i Sogndal-kista.

– Klart det er kjedeleg å oppleve slikt. Men skulle det først skje ein stad, kunne det like godt komme her, seier den tidlegare Brann-keeperen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann - Sogndal 2-0, Cato Hansen (t.v.)

FEKK DET TØFT: Cato Hansen og Sogndal heldt lenge Brann til 0-0, men vart for små i det lange løp.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil stå i mål også neste kamp

Sogndal skapte fleire gode sjansar, og kunne godt ha kapra eit poeng på Brann stadion. Men det ville ha vore eit ran, og sogningane har framleis til gode å imponere offensivt.

Rett før pause måtte dessutan Eirik Bakke kaste inn handkledet med skade. Det er etter alt å dømme ikkje ein alvorleg skade.

– Eg synest vi har lite å by på i dag. Og eg ser ikkje kva vi kunne ha gjort for å vinne, seier Udjus.

– Det er opp til Harald (Aabrekk, journ. mrk), seier Udjus.

– Kven står i mål neste kamp?

– Det er meg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann - Sogndal 2-0, Eirik Bakke ut med skade

UT MED SKADE: Sogndal vart svekka offensivt, då Eirik Bakke måtte ut med skade like før pause.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil ikkje kritisere eigen keeper

Trenar Harald Aabrekk meiner Sogndal hadde god kontroll på oppgjeret, heilt til dei to raske scoringane.

– Er du nøgd med gjennomføringa?

– Eg er aldri nøgd når vi taper kampar. Men eg føler vi gjorde rett grep i pausen, og så var det ulykksalige augneblink som gjorde at vi får med oss poeng.

– Får tabben til Udjus konsekvensar for kven som står¨i mål neste kamp?

– Eg er ikkje i posisjon til å kritisere spelarar som har vunne mange kampar for meg, seier Aabrekk.

PS: Etter blemma til den elles solide Sogndal-keeperen, sang Brann-supportarane ein eigen hymne for Udjus: «Vi har Kenneth Udjus» runga over stadion...