Hopp til innhold

20-åring dømd for bildrap

Ein 20 år gamal mann er dømd for aktlaust drap, etter kollisjonen på Halsnøy i 2015 der ein 47-åring omkom. Det skriv BT. Bilføraren vart i fjor frifunnen, men statsadvokaten anka og Gulating lagmannsrett har no funne tiltalte skuldig i bildrap. Han må også betale 625.000 kroner i oppreising til dei etterlatne.

Dødsulykke ved Halsnøy kloster
Foto: Lise C. C. Sætrevik