16-åring til sjukehus etter uhell

Ei jente (16) er sendt til Haukeland universitetssjukehus, etter å ha køyrd i grøfta med mopeden sin i Rådal i Bergen. 16-åringen skal ha hatt smerter i ein fot, men var elles oppegåande då naudetatane kom til staden etter uhellet.