NRK Meny
Normal

15 grasbrannar på Vestlandet på få timar

– Det er mykje å gjera i dag, konstaterer operatør ved 110-sentralen. Brannvesenet ber folk vera forsiktige med bålbrenning. Brann nummer 16 vart varsla litt etter klokka 18.

Grasbrann på Synnes i Giske

EIN AV MANGE: Blant alle lyng- og grasbrannane på Vestlandet i ettermiddag var ein grasbrann på Synnes i Giske.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er lenge sidan det har kome nedbør på Vestlandet. Sola skin og vinden hjelper med å tørka opp gamalt gras og lauv etter vinteren.

Det gjer at brannfaren aukar.

– Eld i tørt gras er ikkje berre eit ordtak. Det er fakta her og no.

Det seier Nils Medaas, som er innsatsleiar i Lindås og Meland brannvesen.

Han og kollegene har nettopp sløkt ein grasbrann på 200-300 kvadratmeter i Gjervika. Brannen starta då eit bål kom ut av kontroll.

– Folk må tenka på at gnistar frå eit bål kan tenna på landskap 100 meter lenger borte.

Så langt i dag er det kome heile åtte meldingar om gras- og lyngbrannar i Hordaland.

  • 10.57 Grasbrann på Manger, Radøy
  • 12.38 Liten brann i Fusa
  • 13.17 Lyngbrann på Stord
  • 13.39 Lyngbrann i Vaksdal
  • 13.46 Grasbrann i Lindås
  • 13.51 Bål ute av kontroll på Tofterøy i Sund
  • 14.14 Grasbrann på Fitjar
  • 14.28 Grasbrann i Salhusvik, Sveio​​

I Møre og Romsdal har det vore sju grasbrannar laurdag – i Sande, Herøy, Giske, Hareid, Vanylven og Ørsta. Alle er no sløkt. Innbyggjarane i Sande har fått varsel på sms om at det er totalforbod mot bål og bråtebrenning i kommunen.

Litt etter klokka 18 vart det meldt om ein ny bråtebrann i Solund som er ute av kontroll.

– I dag er det livsfarleg å brenna bål og bråte dersom du ikkje har sløkkemiddel i nærleiken. Vinden gjer at brannen fort kjem ut av kontroll, seier operatør Frank Austdal ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Lyngbrann i Gjervika i Lindås

HEKTISK: Både Møre og Romsdal og Hordaland har hatt mange brannar i dag, Hordaland åtte, om her i Gjervika i Lindås.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Operatør ved 110-sentralen i Hordaland, Christer Skei ber folk om å ta omsyn til at det er tørt ute.

– Det har ikkje regna på ei stund, og då må folk vera veldig forsiktige med bålbrenning.

Han ber folk gå inn på sikkerhverdag.no og lesa om bålbrenning før dei tek med seg fyrstikker på tur.

Brann i terrenget i Syvde i Vanylven

FULL ALARM: Det vart slått full alarm då eit bål kom ut av kontroll i Syvde i Vanylven laurdag ettermiddag.

Foto: Stig Morten Løseth

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik