Hopp til innhold

Ap får ordføraren i Sveio

Etter at Monica Valen (Sp) trudde ho skulle bli ordførar, men to utmelde Høgre-representantar sette ein stoppar for det, er den politiske situasjonen i Sveio no avklart. Frp og Ap får med seg dei to eks-Høgre-politikarane, og er einige om eit valteknisk samarbeid som gjer Linn Therese Erve (Ap, biletet) til ordførar. Det kjem fram av ei pressemelding, ifølge lokalavisa Vestavind. Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) blir varaordførar. – Det kjennes godt at det endeleg er på plass, etter at vi fekk størst oppslutnad i valet (28,4 prosent) og eg fekk flest personstemmer, seier Erve til NRK.

Linn Therese Erve
Foto: Privat