Hopp til innhold

I 10 dagar trudde Monica ho skulle bli ordførar – så kom sjokkmeldinga

SVEIO (NRK): To uventa utmeldingar har snudd den politiske situasjonen på hovudet i Sveio. – Svik, rot og kaos, seier innbyggarane.

Monica Valen (Sp) i Sveio

IKKJE LENGER I POSISJON: Då dei to høgrepolitikarane melde seg ut var ikkje lenger ordførarstolen sikra for Monika Valen (Sp).

Foto: Tora Kyllingstad / NRK

Tre dagar etter valet kunne ho jubla. Monica Valen (Sp) skulle bli ordførar i Sveio kommune. Senterpartiet inngjekk samarbeid med Høgre, KrF og MDG. Dei fire partia fekk 13 mandat og fleirtal i kommunestyret.

Men i helga melde Høgre-representantane Ole Johan Sveen og Stian Nygård seg ut av partiet, og det sette ein stoppar for samarbeidsavtalen. Dei fire partia har ikkje lenger fleirtal.

– Forstår ikkje kva dei er ueinige i

I ti dagar trudde Valen at ho skulle bli neste ordførar i Sveio, kommunen heilt sør i Hordaland. Men no veit ho ikkje ein gong om partiet hennar kjem til å koma i posisjon. Valen stiller seg spørjande til det som har skjedd.

– Dette er veldig skuffande og synd for politikken i Sveio. Dei to politikarane som no har meld seg ut av Høgre, var med på møtet om samarbeidsavtalen. Eg har ikkje fått veta kva dei er ueinige i enno.

– Korleis er det å først bli presentert som ny ordførar og no ikkje veta om du blir det eller ikkje?

– Eg kan ikkje gjera så mykje med det. Eg må berre ta ein dag om gongen og sjå kva som skjer vidare. Det er vanskeleg å seia om vi klarar å få fleirtalet på beina igjen.

Lars Einar Hollund, høgrepolitikar i Sveio

SPLITTA PARTI: Lars Einar Hollund (H) ville samla partiet og gå ut av samarbeidsavtalen, men Ap ville ikkje i dialog. Då mista Hollund to partimedlem.

Foto: Tora Kyllingstad / NRK

– Samarbeidsavtalen er død

Lars Einar Hollund (H) står tilbake med eit splitta parti og eit usikkert varaordførarverv. Han legg ikkje skjul på at han er kjempeskuffa.

– Dei to utmeldingane er heilt klart eit svik mot veljarane. Samarbeidsavtalen har ikkje lenger fleirtal, så den er meir eller mindre død. Eg må berre seia orsak til alle som har røysta på oss.

Berre ei dryg veke etter at samarbeidet var inngått stilte Sveen og Nygård ultimatum til Høgre. Anten måtte partiet starta forhandlingar med Ap, elles ville dei melda seg ut.

– For å halda gruppa samla måtte eg kontakta Ap, men dei var ikkje interessert. Vi gjorde det vi kunne for å unngå utmeldingane.

Hollund forstår ikkje kvifor dei tidlegare partifellene valde å melde seg ut ettersom begge var til stades då Høgre gjekk inn for samarbeidsavtalen.

– Forhandlingane blei hasta igjennom

Sveen har tidlegare uttalt at han var misnøgd med at ikkje alle alternativ til samarbeid vart sondert før avtalen blei inngått.

Nygård skriv i ein sms til NRK måndag ettermiddag at begge som har meldt seg ut har uttrykt skepsis til samarbeidet som blei inngått. Og at dette blei hasta igjennom utan full støtte i gruppa. Han beklagar utfallet overfor kommunen og veljarane.

Partioppslutning i Sveio

28,4 %
814 røyster
18,8 %
540 røyster
18,1 %
518 røyster
13,3 %
381 røyster
9,0 %
259 røyster
5,2 %
150 røyster
4,8 %
138 røyster
2,4 %
69 røyster

– Rot og kaos

Når NRK møter innbyggjarar i Sveio måndag ettermiddag seier dei at dei er overraska over det som har skjedd.

– Dette er eit svik. No er det blitt ein rotete situasjon. Eg håpar dei som er igjen er vaksne nok til å ordna opp i rotet, seier Cato Helgesen.

For kven som kjem til å styre kommunen er usikkert. NRK møter fleire som trur at Arbeidarpartiet, som fekk 28,4 prosent av røystene, no kjem til makta.

Ingunn Vikse legg ikkje skjul på at ho håpar på at Arbeidarpartiet kjem i posisjon og får ordførarvervet.

– Eg vart skuffa etter valet for eg hadde sett føre meg Linn Therese Erve som ordførar. Ap fekk jo mange stemmer, men ikkje makta. Sjølv om det er kaos no, har eg tru på at det snart kjem et nytt samarbeid.

Cato Helgesen

EIT SVIK: Cato Helgesen er ein av innbyggarane i Sveio. Han håpar at det blir ei opprydding i den politiske situasjonen.

Foto: Tora Kyllingstad / NRK
Ingunn Vikse, innbyggar i Sveio

EIT HÅP: Då samarbeidsavtalen rakna opnar det seg opp mogelegheiter for andre. Ingunn Vikse håpar Ap no kjem på banen.

Foto: Tora Kyllingstad / NRK