Flesland opnar for trafikk
Rullebanene skal no vere opna på Flesland, og flytrafikken vil bli sett i gang så fort som mogleg, opplyser Avinor. Det er likevel venta forseinkingar og det kan kome kanselleringar i løpet av dagen. Flypassasjerar vert oppmoda til å følgje med på beskjedar frå flyselskapa.