Hopp til innhold

Sykkel-VM gav betre luft

Førekomsten av svevestøv vart meir enn halvert den veka Bergen arrangerte sykkel-VM. Det fortalde helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) i bystyret onsdag, skriv BT. – Vi har samanlikna luftkvaliteten med veker med nokolunde likt vær, veke 38 og 39. Ei førebels analyse viser ein markant nedgang i forureining i VM-veka, mellom 47 og 72 prosent for svevestøv, fortalde Gåskjenn. Nedgangen var aller størst i Loddefjord.