Hopp til innhold

- Størst potensiale i norsk fotball

Brann antyder at dei vil leggja inn eit nytt bud på Lyn-spelar Odion Ighalo.

Odion Ighalo
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Fredag avslo Lyn et 15-millionars bud frå Brann på Odion Ighalo. Eit avslag som både klubbeier Atle Brynestad og spelaren sjølv stiller seg uforståande til.

- Brann er et topplag. Jeg ønsker veldig gjerne å spille for dem, de er med i Champions League og det betyr mye for meg. Brann virker som et spennende lag, sier Ighalo til Aftenposten.no.

Treng friskt blod

Og Brann har pengesterke onklar som har vore tydelege på dei er interesserte i å hjelpa klubben - så lenge det er unge spelarar med potensiale for vidaresal som vert henta.

Branns sportssjef Roald Bruun-Hanssen trur Ighalo ville passa klubben perfekt, og legg ikkje skjul på at klubben treng friskt blod på topp for å komma seg vidare.

- Vi må ta oss eit steg vidare hvis vi skal konkurrere i europacupen, og vi trur Ighalo er ein av spielarane med størst potensiale i norsk fotball i dag. Både som spelar og som investeringsprosjekt, seier Bruun-Hanssen.

- Sova på det

Sjølv om det er tydeleg at Roald Bruun-Hanssen ikkje har gitt opp håpet om å sikra seg Lyn-spissen, vil han ikkje vera konkret på om Oslo-klubben kan venta seg eit nytt bod med det første.

- Vi kommenterer ikkje meir enn det som er kjent, og det er at vi har lagt inn et bud på Ighalo og at det er avvist. No trur eg vi skal sova på det som har skjedd i dag, og så får vi sjå kva som skjer frå i morgon av, seier sportssjefen.

LES OGSÅ: AJAX VIL HA IGHALO