Det er ikkje berre Jyllandsposten og Magazinet som har trykt karikaturteikningar av profeten Muhammed.
Så seint som i midten av januar trykka Bergens Tidende ei av dei omstridde teikningane.
Sjefredaktør i BT, Einar Hålien seier han ikkje ville ha gjort det samme i dag.
- Det blir vel litt etterpåklokskap, men eg har ingen problem med å seie at eg skulle gjerne sett at vi hadde droppa den teikninga.
- Men du beklager det ikkje?
- Nei, det ser eg ikkje grunn til, seier Hålien.
Respekt viktig
Hålien understrekar at avisa meiner det er viktig å respektere ulike trusretningar, anten det dreier seg om islam eller kristent livssyn.
- Men det er ikkje dermed sagt at vi kan la vere å behandle tematikk knytta til verken Muhammed eller Jesus i illustrasjonsform og teikningar.
Dramatiske konsekvensar
Trykkinga av karikaturane i den kristne avisa Magazinet og i danske Jyllands Posten har fått store konskvensar. Begge redaksjonane har motteke drapstrugsmål.
Seinast torsdag vart det norske representasjonskontoret på Vestbredden stengt etter at to væpna palestinske grupper truga med å angripe norske diplomater på Gaza og Vestbredden.
- Slik som denne debatten har utvikla seg i ettertid, så har eg ikkje vanskelegheiter med å sjå at dette ville vi vel gjort annleis om det var i dag, seier sjefredaktør Hålien.