Hopp til innhold

- Nokon ønskte å brenna huset mitt

Armann Björnsson har ikkje berre gode minner frå Bergen og Brann.

Brann - Deportivo
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Eg er imponert over klubben og byen, og folka som står rundt klubben. Det blir trist å reisa frå byen, men sånn er det, seier Armann Björnsson.

Første gong Björnsson kom til Brann var i 2002. Han var då på utlån frå islandske Valur, men det blei ingen permanent overgang.

I 2006 returnerte islendingen og signerte kontrakt med Brann ut 2009. Tysdag denne veka blei det kjent at han har signert ein toårsavtale med engelske Hartlepool .

– Ein liten nedtur i fjor

Armann Bjørnsson

Armann Björnsson er ferdig som Brann-spelar. Måndag reiser han til England og Hartlepool.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Gjennom to opphald i Brann har Björnsson vore med på det meste.

- For min del har det jo vore opp- og nedtur, eg blei operert i fjor og då hadde eg ein liten nedtur. Og så vann me jo gull, seier Bjørnsson.

- Korleis vil du hugsa supportarane i Bergen?

- Dei er lojale og dei ønskjer at me presterer. Viss me ikkje presterer så får me jo juling, så dei er veldig gode, seier Björnsson.

– Trist for fotballen her

Men enkelte opplevingar kunne han godt klart seg utan.

- Eg har fått mange meldingar frå nokon som ønskjer å brenna huset mitt og sånn, men sånn er det berre. Eg synest det er trist for fotballen her at det er folk i byen som gjer slike ting, seier Björnsson.

Når han reiser frå Bergen og Brann er det dei gode minnene han vil hugsa best.

- Supportarane, klubben, alt rundt klubben, folket i byen og folk som bur i huset mitt, dei støttar meg alltid, seier Armann Björnsson.

Vil sitta mindre på benken

Steinar Nilsen

- Me ønskjer han kjempe mykje lukke til, seier Brann-trenar Steinar Nilsen. Foto: Marit Hommedal/Scanpix

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Trenar Steinar Nilsen er full av lovord om islendingen.

- Han har vore ein kjempe positiv type, både treningsvillig og klar til kamp når me har hatt behov for det. Diverre for han har det heile tida vore nokon som har ligge eit halvt steg foran i dei posisjonane han har vore aktuell. Han er ein flott gut som me med all mogleg grunn ønskjer kjempe mykje lukke til, seier Nilsen.

Björnsson blir ikkje med når Brann i helga møter Start på bortebane. Måndag reiser islendingen til England og i Hartlepool er ambisjonen å sitta mindre på benken.

- Det ser bra ut trur eg. Håpar å få spela litt meir enn eg har gjort her, seier Björnsson.