Hopp til innhold

- Energisparing ikkje nok

Statoil seier gasskraftverk på Mongstad er energisparing. Natur og ungdom meiner utsleppa må ned.

Statoil Mongstad
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Det er ikkje nok å vera god på Enøk, CO2-utsleppa må også ned, meiner Natur og Ungdom.

Statoil-direktør Bjørn Kåre Viken meiner miljøvernministeren seier nei til Norges største Enøk-prosjekt, dersom ho seier nei til gasskraftplanane på Mongstad.

Det var Aftenposten som i dag skreiv at Helen Bjørnøy vil seia nei til planane.

Erik Natvig
Foto: Natur og ungdom / NRK

- Ikkje eit miljøprosjekt

Utan CO2-rensing er ikkje gasskraftverket eit miljøprosjekt, seier Erik Natvig i Natur og Ungdom.

- Ein kan ha så god Enøk ein berre vil, men så lenge utsleppa fortsett å auke held ikkje det. Skal ein ta klimaendringane på alvor kan vi ikkje tolerera slike utslepp som på Mongstad, seier Natvig.

Natur og Ungdom er glad for at Aftenposten i dag skriv at miljøvernminister Helen Bjørnøy neppe vil gje klarsignal for bygging av eit gasskraftverk utan rensing på Mongstad.

- Første klasse i energieffektivitet

Miljøorganisasjonen krev at Noreg skal redusera CO2-utsleppa sine, og det er ikkje mogeleg å kombinera med eit gasskraftverk utan rensing på Mongstad.

Natvig er ikkje nøgd med at Statoil Mongstad-direktør Bjørn Kåre Viken kallar prosjektet eit miljøprosjekt.

- Kraftvarmeverket er eit veldig godt miljøprosjekt. Faktisk det einaste som kan få rafineriet opp i første klasse innan energieffektivitet, seier Viken.

Paradoks

Han ser på prosjektet som eit lokomotivprosjekt, og han meiner Natur og Ungdom ikkje har sett seg godt nok inn i saka.

- Dei som seier at dette er eit sterkt forureinane kraftverk har for lite kunnskap. Det er faktisk det beste som kan byggjast i dag, hevdar Viken.

- Det er eit paradoks om det rikaste oljeselskapet i verdas rikaste land ikkje har råd til å vere med å betale for CO2-rensing, påpeiker Natvig. - Eg meiner likevel at staten er nødt til å bidra for å få til denne utbygginga.

Oppgitt ordførar

Austrheim-ordførar Ole Lyse er oppgitt  over signala om at både Statens forureiningstilsyn og Miljøvernministeren vil seia nei til eit kombinert varmekraft- og gasskraftverk på raffineriet på Mongstad.

SFT kjem med si innstilling neste veke, og kjem truleg til å avvisa planane om gasskraftverk utan CO2-rensing.