Hopp til innhold

- Eg kjem til å vera i lenkegjengen

Næringslivsleiar Johan Fredrik Odfjell er lei av det han kallar "rørande omsorg" frå regjeringa.

Johan Fredrik Odfjell vil bevara Hardanger, utan høgspentliner
Foto: NRK / Folkeaksjonen Bevar Hardanger

Fredag gjekk regjeringa inn for å bygga den kontroversiell kraftlina i Hardanger. Avgjerda, som går heilt på tvers med lokaldemokratiet , kan ikkje ankast.

Ordførar i Ulvik, Mona Hellesnes, har tidlegare truga med å legga seg i lenkjer for å stogga utbygginga , noko ho sto fast ved i går. Nå for ho også støtte av næringslivsleiar Johan Fredrik Odfjell.

- Eg kjem til å vera i lenker, svarar han på spørsmål frå NRK Ukeslutt om korleis han stiller seg til den planlagte protestaksjonen frå Ulvik-ordføraren.

Lei av "rørande omsorga" frå regjeringa

I Ukeslutt møtte Odfjell olje- og energiminister Terje Riis-Johansen til debatt om vedtaket som regjeringa fatta i går. Der refsa Odfjell Riis-Johansen for å vera lite konkret i debatten.

- Me har høyrt denne rørande omsorga om straumforsyning til Bergen frå Riis-Johannesen og statsministeren gjentekne gonger det siste døgnet, men me høyrer ingenting om kvifor ikkje sjøkabel er eit fullgodt alternativ til monstermastene, sa Odfjell i debatten.

Han meiner det er enkelt å forstå kvifor folket i Hardanger heller vil ha ein usynleg sjøkabel i staden for ei 60 meter brei straumgate gjennom fjord og fjell, og han meiner sjøkabel er eit fullgodt alternativ. Det var Riis-Johansen ueinig i.

- I Oslofjorden ligg ein kabel under fjorden som gjekk i stykker, og som tok 18 månadar å reparera. Risikobildet er det sama for Bergen, sa Riis-Johansen i Ukeslutt.

Vil ha inn ein uavhengig instans

Odfjell meiner dei to høgspentlinene som sikrar forsyninga til Bergen i dag, vil kunne settast inn dersom sjøkabelen

- Viss Riis-Johansen vil vera ansvarleg så må han få uavhengige instansar til å granske detta.

- Eg kjem til å vera i lenker, men eg håpar at me skal unngå den situasjonen, avslutta Odfjell.