Hopp til innhold

Fryktar ikkje gamleklubben

Det vert eit gjensyn med gamleklubben for Mons Ivar Mjelde, når Start møter Brann laurdag. Etter nok eit dårleg resultat førre helg, har Start-trenaren jobba med å gjera spelarane fryktlause.

Mons Ivar Mjelde

FRYKTAR IKKJE NOKO: – Hjå oss har det vore litt frykt i det siste, det har vi prøvd å gjera noko med, seier trenar Mons Ivar Mjelde i Start. I morgon går han for tre poeng mot gamleklubben Brann.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Det er ikkje farleg å møta Brann. Det skal inspirera oss, gleda oss og gi oss energi, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde til NRK.

Laurdag møter laget hans Brann til dyst på Sør Arena. Laget frå Bergen, som Mjelde tidlegare har ført til seriegull i Eliteserien, har ein skrekkeleg bortestatistikk å visa til før oppgjeret.

Kun eitt poeng har Brann klart å kapra på bortebane i år, og det skjedde først i førre serierunde mot Hønefoss.

Freda trenaren

Men også Start har hatt sine problem denne sesongen.

Ved halvspelt sesong ligg laget nest sist på tabellen med fattige 14 poeng. Leiinga i klubben såg seg nøydde til å gå ut å freda trenaren sin tidlegare denne veka.

– Vi har ikkje fått det beste ut av mannskapet vårt i det siste, vedgår Mjelde.

Mons Ivar Mjelde

MÅTTE SVARA FANSEN: Etter 2–1 tapet mot Sandnes Ulf førre helg, måtte Mjelde svara Start-fansen.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Vi skal ikkje frykta noko

Det har han forsøkt å gjera noko med. Dei siste dagane har han innprenta hjå spelarane sine at det skal vera gøy å spela fotball.

– Vi har knytt oss litt og vore redd for å tape. For oss har det vore behov for å ta samling i botn og jobbe med å komme på fot igjen, som eit kollektiv.

– Vi skal ikkje frykta noko i fotballen. Hjå oss har det nok vore litt av det i det siste, og det har vi prøvd å gjera noko med.

Då passar det vel å møta det laget som har tatt færrast poeng på bortebane?

– Nei, eg likar ikkje å prate om slikt. Brann er eit lag som jobbar hardt. Vi planlegg å vera gode, og håpar vi kan vise det i morgon og ta tre poeng, svarar Mjelde.

Lukka treningane

For at han og laget skal få jobba i ro og fred, har Mjelde lukka treningane den siste veka.

– Det har vore mykje styr. Så no er vi litt kyniske, og har stengd nokre treningar. Det kan vera lurt å bryta opp litt, og så kan vi bygga vidare på det vi har fått bra til tidlegare, seier Mjelde.

Vrakar stortalent

Bård Finne jubler

VRAKA: Bård Finne

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Ifølgje Bergensavisen, ser det ut til at trenar Rune Skarsfjord vrakar stortalentet Bård Finne til møtet med Start.

Dei skriv at det er forventa at Brann stiller med følgjande elleve klokka 18.00 laurdag:

Piotr Leciejewski–Birkir Már Sævarsson, Henrik Gjesdal, Zsolt Korcsmár, Erdin Demir–Amin Askar, Fredrik Haugen, Stephane Badji, Kristoffer Larsen–Erik Huseklepp, Martin Pusic.

Før kampen ligg Brann på fjerdeplass i Eliteserien med 25 poeng. Kun eitt av desse er altså på bortebane.