Mohammad står på eigne bein

KUNSTEN Å GÅ: Mohammad prøver å gå på gang- og sykkelvegen like utanfor Lena Sentrum.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Å stå på eigne bein

LENA (NRK): Mohammad (21) amputerte begge beina for å lære å gå. No kan ein umogleg draum bli verkeleg på Toten.

Så lenge han kan hugse har Mohammad drøymt om dette:

Å kunne reise seg opp. Stå på eigne bein.

Han drøymer om å kunne gå bortover gata, rak i ryggen og med blikket retta framover. No kan det skje, om berre han tar tida til hjelp.

Det store valet

Det er ein av desse mørke morgonane i november 2018 når Mohammad blir trilla inn på operasjonsstova på sjukehuset i Gjøvik. Han ligg heilt stille, ser på mens alle dei grønkledde rundt han gjer seg klare. Dei vaskar beina hans og festar leidningar til kroppen.

Han er nervøs, men likevel trygg på at valet han har tatt er det rette.

For no er det endeleg bestemt, og det er alt for seint å snu. I over eit år har han tvila seg fram til dette, talt for og i mot og rekna på fordelar og ulemper.

No skjer det snart. Dei grønkledde rundt han skal sage av han begge dei ubrukelege beina like under kneet. No skal han frigjere seg frå desse forkrøpla kroppsdelane som berre har hemma han i alle dei 21 åra han har levd.

For han vil så gjerne lære å gå!

Legane har ikkje garantert noko som helst, anna at det blir ein lang og hard kamp. Men Mohammad tenkjer at ingen ting er umogleg. Utan amputasjon veit han i alle fall at han aldri kjem til å gå. No får han ein ny sjanse.

Det blir mørkt.

Byrjinga

Han er det første barnet. Ei velsigning for 17 år gamle Sawsan og 23 år gamle Haisam som gifta seg to år tidlegare. Det er tidleg i februar 1998 i den syriske hovudstaden Damaskus, og det unge paret har nettopp fått ein son.

Dei kallar han Mohammad etter profeten, slik skikken seier.

Men alt er ikkje berre glede.

Guten blir rask fjerna frå føderommet. Legane på det statlege sjukehuset fortel storfamilien at guten kjem til å døy. Når veit dei ikkje, men skaden han er fødd med er slik at det ikkje finst håp om eit leveleg liv.

Men ingen seier noko til unge Sawsan. Dei vil skåne henne for sanninga.

Dei tre første dagane på sjukehuset ser ho berre guten dei små stundene ho gjev han mat. Han er godt påkledd, svøpt i bomullstøy, men har vakne augo.

Utveksten på ryggen hans får ho ikkje sjå. Heller ikkje dei tynne beina.

Dei neste fire vekene tek storfamilien ansvar. Den unge mora blir lagt til sengs. Bestemødre, tanter, svigerinner og søstrer tek seg av guten, mens dei ventar på at det vesle livet skal ebbe ut.

Men Mohammad døyr ikkje.

Han grip fingeren til Sawsam med sterke hender når ho ammar han, men beina heng liksom berre og sleng.

Mora ser det.

Ho høyrer gråten i huset, ser tårene i augo til ektemannen, og krev å få vite.

Diagnosen

Kvart år blir om lag tre av ti tusen born fødde med at hinner og nervevev frå ryggmargen buler ut gjennom ei opning i ryggrada og dannar eit brokk. Tilstanden er kjent som ryggmargsbrokk, og fører som regel til lamming av kroppsdelar nedanfor brokket.

I tillegg kan ein få varige skader i hjernen fordi heile 80-85 prosent av alle som er fødde med ryggmarksbrokk utviklar hydrocephalus, ein tilstand som tidlegare vart kalla «vannhode».

Mohammad Abdulalim vart fødd med brokk nedst i korsryggen. Han vart operert som baby, men beina vart aldri slik dei skulle vere.

Så lenge han kan hugse har Mohammad drøymt om å kunne gå. No er draumen nærare enn nokon gong tidlegare. Men han må vere tolmodig.

Skunde seg steg for steg.

Mohammad i Libanon

HJULBEINT: Mohammad poserer som tenåring etter at han flykta til Libanon. Rullestol fekk han fyrst då han var ganske stor. Som liten brukte han hendene som framkomstmiddel.

Foto: privat / nrk

Oppveksten

Mohammad blir operert fire månader gammal.

Legane fjernar brokket, men beskjeden dei unge foreldra får frå sjukehuset, er at faren for å utvikle «vannhode» langt frå er over.

I alle fall kjem guten aldri til å kunne gå.

Åra blir borte i jobb på kebabrestauranten Sawsan og Haisam driv saman. Nye born kjem til, mens Sawsan kvar dag måler omkretsen på hovudet til eldsteguten. Det blir ikkje større enn det skal vere.

Men beina funkar ikkje.

Naboane ser rart på dei. Det blir kviskra og tiska om kvifor dei har sett eit slikt barn til verda?

Sju år gammal blir Mohammad sent på butikken sidan Sawsan som kvinne ikkje kan gå aleine utan anstand. Dessutan må ho jobbe.

Han kryp gjennom gatene, tek posen i munnen på heimturen.

Folk ler av han. Den vesle guten som gjer så godt han kan.

Mange seier det rett ut til mora. Fortel Sawsan at slikt kan ein jo oppdage alt i mors liv. Kvifor fjerna ho ikkje berre fosteret då ho kunne? Så ho kunne sloppe skamma?

– Men det er jo haram, seier Sawsan stille i dag, mens ho ristar på hovudet av dobbeltmoralen i samfunnet ho ein gong var ein del av.

– Ei stor synd, dessutan visste eg ikkje at det var noko gale med Mohammad mens eg bar han fram. Uansett ville eg jo ha han same korleis han var.

Mor Sawsan

MOR SAWSAN: Heime i huset på Toten ho deler med Mohammad og fem mindreårige born etter at eldstedottera gifta seg og flytta ut.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Åtte år gammal byrjar Mohammad på skulen, eitt år for seint fordi far Haisam fyrst ville spare han for all audmjukinga han visste ville komme.

Men Sawsan skaper seg galen. Ho grin og skrik og kjempar for at sonen må få gå på skulen. Ho veit at utdanning er moglegheita han har til å lukkast i livet.

Den einaste.

Hennar eigen veslebror blir redninga. Han er to år eldre enn Mohammad og går på same skule. Onkelen tar nevøen på ryggen og ber han til skulen. Fram og tilbake. Kvar einaste dag.

Etter kvart skaffar far Haisam ein elektrisk firhjuling som sonen kan bruke. Også han blir overbevist når Mohammad kjem heim med toppkarakterar i alle fag.

At kunsten å gå kanskje skal bli tilgjengeleg for guten i ei fjern framtid i eit anna land, tenkjer ingen av foreldra på.

Men i Mohammad lever draumen.

Krigen

Sommaren 2012 står opprørsstyrkane like utanfor Damaskus. I fleire månader har borgarkrigen som trugar med å rive heile landet frå kvarandre rasa i Syria.

No kryp krigen inn i hovudstaden, og inn i hovuda til dei som bur der.

Mohammad er 14 år gammal.

I tre veker frå den 12. juli slost syrer mot syrer rundt og inne i byen i det som seinare er blitt kalla slaget om Damaskus.

Mohammad kjem seg ikkje ut av huset lenger. Det er for farleg.

Den elektriske firhjuling faren kjøpte for at han skulle komme seg på skulen, funkar heller ikkje lenger. Straumen er borte, og gatene er fulle av nedrasa bygningar.

Heime på Toten

I TRYGGLEIK PÅ TOTEN: Sawsan, Lynn (9), Jakob (7) og Mohammad (21) ser på bilete frå tida i Libanon. Frå livet i Syria har dei ingen bilete. Det rakk ikkje familien å få med seg.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Familien bur nordaust for hovudstaden i området al-Gota. Ei opprørsgruppe har tatt kontroll, og avskore området frå sentrum av Damaskus.

Mohammad held seg inne i huset. Kryp mellom romma slik han alltid har gjort. Hendene er framleis beina hans når avstandane er små.

Han prøver å lese, halde skulearbeidet ved like, ikkje gje etter for alle tankane som melder seg om natta.

Stadig er det drønn frå granatar, og høge smell frå snikskyttarane ingen ser, men alle fryktar.

Faren Haisam seier dei må reise. Han fryktar for livet til barneflokken som no tel tre gutar og fire jenter.

Mest av alt fryktar han for eldstesonen Mohammad, guten som ikkje kan gå. Kva skal det bli til med han? Korleis skal han klare seg om dei brått må springe for livet?

Dei må komme seg unna før det er for seint!

Treninga

Det er blitt januar 2019 når Mohammad reiser seg opp i ståande for fyrste gong.

Han er på Landåsen rehabiliteringssenter eit par mil utanfor Gjøvik, og dei nye protesane pressar mot stumpane der såra etter amputasjonen har grodd som dei skal.

Han står mellom skrankane, hendene grip så hardt dei berre kan, mens han sakte heiser seg opp i ståande. Han slepp ikkje taket, vågar ikkje det.

Men for aller fyrste gong i livet står han på eigne bein.

Mohammad står for fyrste gong

FOR FYRSTE GONG: 10. januar, 2019. Mohammad har reist seg opp i ståande på Landåsen.

Foto: privat / nrk

I månadene som kjem og går trener han kvar dag heime på rommet i det trekkfulle huset familien leiger av Østre Toten kommune. Eit par gongar i veka reiser han opp til aldersheimen på Lena for å trene med den kommunale fysioterapeuten.

For kvar gong går det litt betre. Han orkar å stå litt lenger enn sist.

Fysioterapeuten Stian Håheim seier at han ikkje skal presse for lenge, han må hugse å ta pause når han blir sliten.

For utfordringane er store når ein vaksen mann skal lære å gå. Det eine er at huda på stumpane må venjast til presset frå kroppsvekta mot protesane. Slik er det for alle som skal tilpassast ein ny fot.

Vanskelegare er det at muskulaturen og beinstrukturen til Mohammad ikkje er van med å stå og gå. Musklane i lår og rygg må trenast opp til å bli sterke nok til å klare belastninga over tid.

Og så er det dette med balansen. Det tar lang tid å bli trygg på to bein når ein aldri har gått før.

– Dette kjem til å ta tid, fortel Håheim, så Mohammad må skunde seg langsamt.

Flukta

Tidleg i februar 2013 bryt kampane ut igjen, heftigare enn nokon gong.

I al-Gota held Mohammad seg framleis inne i huset, høyrer krigslarmen rumle mens han ventar på noko han ikkje veit kva er.

Det minkar på maten i dei opprørsstyrte områda. Forsyningslinjene er avskorne, men far Haisam er ein av mange som kvar natt risikerer livet på å ta seg inn i Damaskus for å smugle matvarer ut til al-Gota.

Varene sel han til tredobbel pris på svartebørsen, og tener gode pengar som han legg til side med tanke på ei snarleg flukt.

I november vågar ikkje Haisam å vente lenger.

Familien pakkar det aller mest nødvendige. Saman med familien legg Haisam ut på ei strabasiøs og farleg reise. Yngsteguten Jakob er enno ikkje fylt året. Eldsteguten Mohammad sit i ein gammal og upraktisk rullestol.

Mor Sawsan er alltid i nærleiken. Hegnar om den store barneflokken, trillar Mohammad gjennom gatene, løftar han når det trengst. Ber dei minste forbi lik og bombekrater. Ho vil berre vekk, komme seg gjennom sperringane, overleve.

Haisam og Sawsan i Libanon

PÅ FLUKT: Haisam, Sawsan og minsteguten Jakob i Libanon.

Foto: privat / nrk

Haisam brukar pengane sine på å kjøpe seg fritt leide for seg og sine. Etter kvart får dei plass på ein buss som fraktar dei ut av al-Gota, gjennom vegsperringane ved fronten, og inn i Damaskus.

– Det var ikkje lett å reise, seier Mohammad.

Folk som står igjen tryglar om å få bli med. Mohammad vil så gjerne hjelpe, men har meir enn nok med å hjelpe seg sjølv. Livet slik han kjenner det finst ikkje lenger. Familien må byrje på nytt.

Ein annan stad.

Same ettermiddag reiser dei vidare mot Libanon.

Toten

Det er blitt september 2016 når familien på ni landar på Gardermoen. Dei kjem som det som tidlegare vart kalla kvoteflyktningar gjennom FN-systemet frå Libanon, der dei har søkt tilflukt dei siste tre åra.

No blir slike som Mohammad kalla overføringsflyktningar fordi dei ikkje kan returnerast til eige land, samstundes som dei ikkje kan få opphald i det landet dei er i. Libanon har tatt i mot over halvannan million syriske flyktningar sidan krigen starta i 2011. Derfor gjer FN sin høgkommisær for flyktningar eit arbeid for å overføre desse til eit tredje land, som Noreg.

Sidan 2015 har Noreg tatt i mot ca. 6000 syriske overføringsflyktningar frå Libanon for å avlaste det vesle landet ved Middelhavet.

Jakob og Mohammad

TO OVERFØRINGSFLYKTNINGAR: Jakob og Mohammad håpar på ei framtid i Noreg. Begge går på skule på Lena. Snart kan dei og resten av familien søkje om permanent opphald.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Desse har alt fått tildelt kommune som vil ta i mot dei når dei reiser frå Libanon, og får mellombels opphaldsløyve når dei kjem til Noreg. Etter tre år kan dei søkje om permanent opphald.

Familien til Mohammad blir møtt på Gardermoen av folk frå flyktningetenesten i Østre Toten kommune og køyrt til eit kommunalt hus på Sletta, nokre kilometer utanfor tettstaden og kommunesenteret Lena.

Etter nokre månader flyttar heile familien inn i eit eldre hus midt i sentrum av Lena. Far Haisam har ambisjonar om å starte opp med kebabrestaurant så snart han får arbeidsløyve.

Tragedien

Det er ein fin maidag i 2018. Familiefar Haisam førebur grillfest saman med fleire syriske venner. Etter ei stund kjenner han seg dårleg, og går inn på badet.

Der døyr han, uventa og utan forvarsel, 45 år gammal. Dødsårsaka blir slått fast til å vere akutt hjernebløding.

Dødsfallet er naturlegvis eit sjokk. Mohammad er lamslått, og kjenner på eit stort alvor. Brått er det han som er den eldste mannen i familien. No må han ta ansvar både for søskena og mora som igjen må byrje på nytt.

I eit nytt land. Utan far og ektemann.

Mohammad blir enno meir overbevist om at valet han har tatt verkeleg er det rette. Han rakk å drøfte det med faren; spørje han til råds om han burde amputere beina eller ikkje.

No har han bestemt seg. Det er i november det skal skje.

Nye bein

BEIN Å STÅ PÅ: Mohammad tar på seg dei nye protesane i treningsrommet på aldersheimen i Lena.

Foto: Arne Sørenes / NRK

På eigne bein

Sakte, sakte går det framover. Med små skritt går Mohammad fram og tilbake mellom skrankane på aldersheimen.

Han tar det steg for steg.

Men framgangen er bra, faktisk betre enn forventa, ifølge fysioterapeuten. Enno er det langt fram, men no set Mohammad faktisk beina under seg.

Draumen lever.

– Draumen min var ikkje berre min draum, seier Mohammad. Den var også mor mi sin. Og den vart far min sin. No er eg sikker på at han er med meg og ser at eg faktisk er i ferd med å få det til. At eg alt har tatt mine første steg. Det gjev meg ekstra motivasjon.

For det kostar. Kvart steg kostar krefter. Kvar meter kjennest som ei mil som slit på beinstumpar, rygg og lunger. Mohammad tar mange pausar. Men han reiser seg opp igjen. Pustar tungt. Tek ei lengde til.

Og ei til. Og enno ei.

På eigne bein

STEG FOR STEG: På veg mot ei oppreist framtid

Foto: Arne Sørenes / nrk

På veg heim frå treninga møter han mora som kjem frå vaksenopplæringa. Ho må bli enno betre i norsk, seier ho. For Sawsan vil ta førarkort. Det er hennar draum akkurat no, og på forrige teoritest hadde ho berre ti feil.

Det er den draumen dei ber på. Som vi alle ber på:

– Det er så viktig for meg, seier Mohammad. At eg er dette mennesket som klarer seg sjølv. At eg kan jobbe og bidra i samfunnet. Betale tilbake. Og eg kjem til å klare det.

– Eg òg, smiler Sawsan.

No går Mohammad på vidaregåande skule i den nye heimbygda Lena. Til sommaren flyttar han inn i eigen leiglighet. Då er han heilt klar.

Til å stå på eigne bein.

Mohammad og moren Sawsan
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK