450 ungdommar frå heile Hedmark og Oppland er venta til Lillehammer i dag.
I Håkons hall er det nemleg klart for den såkalla Innlandsmessa. Der skal nesten 100 ungdomsbedrifter vise seg fram.
Ved Lillehammer videregående skole var i går fleire ungdomsbedrifter midt i innspurten før messa.
Siste finpuss
- Nå gjer vi siste finpussen på framføring og på standen vår, fortel Tina Olsen.
Ho er ein av mange elevar ved vidaregåande skular i Innlandet som driv elevbedrift, og som skal presentere seg i dag.
Målet med slike elevbedrifter er å lære elevane å drive si eiga bedrift med lærarane og representantar for næringslivet som rettleiarar.
Sel bruktklede
I si bedrift jobbar Tina Olsen blant andre saman med medelev Jamina Iversen.
- Vi er ei ungdomsbedrift som skal selja bruktklede til folk i Lillehammer og omegn. Dei kleda vi ikkje får seld skal vi sende til Russland, seier Jamina Iversen.
Det er stor allsidigheit i forretningsidéane hjå dei som i dag presenterer seg i Lillehammer.
Avfallsbeger for snus
Frå webdesign og produksjon av datarelaterte tenester til meir tradisjonelle ting som hamsteroppdrett og avfallsbeger for snus og tyggegummi.
Felles for dei som er med i ungdomsbedrifter, er at dei også lærer noko om kvarandre.
- Vi er sju jenter som jobbar saman, og har lært å strekke grensene våre når det gjeld kvarandre, seier dei.
- Ungdom med initiativ trengst!
Kari Rustadstuen i Oppland Fylkeskommune jobbar på heiltid med ungt entrepenørskap. Ho meiner dette er veldig viktig for innlandet.
- Er det noko vi treng her i Oppland så er det nettopp ungdom og folk med initiativ, som kan skape nye arbeidsplassar. Ei undersøking viser at 20% av dei som har vore med i ei ungdomsbedrift på vidaregåande, startar bedrift i det verkelege liv før dei har fylt 30 år, seier Rustadstuen.
Og i dag er det den store dagen for unge entreprenørar.
Viktig motivasjonsfaktor
- Innlandsmessa er eit høgdepunkt og ein viktig motivasjonsfaktor for dei aller fleste ungdomsbedriftene i Hedmark og Oppland, fortel Kari Rustadstuen.
Og på Lillehammer videregående har Tina, Jamina og dei andre involverte i bruktkledebedrifta USED, klare forventninger til kva dagen dag bør by på.
- Vi håpar at folk legg merke til oss, og at folk tykkjer at bodskapen vår er bra, seier dei.