Hopp til innhold

Vurderer nytt vedtak om lisensfelling

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen vurderer å fatte nytt vedtak om lisensfelling av ulv utanfor ulvesona. Lisensfellinga blei stansa av Oslo tingrett tysdag.

Ulv

Illustrasjon: Klima- og miljøministeren vurderer nytt vedtak om lisensfelling utanfor ulvesona.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Før det kan gjerast ein nytt vedtak vil no klima- og miljøministeren om synspunkt frå dei som klaga på vedtaket i tingretten.

– Før det eventuelt blir fatta noko vedtak tilseier god forvaltningsskikk at eg må innhente oppdaterte synspunkt frå organisasjonane som klaga i førre runde, seier Helgesen.

Søksmål

WWF gjekk tidlegare i november til søksmål mot staten. Bakgrunnen var at Klima- og miljødepartementet oppretthelst vedtaket i rovviltnemnda om lisensfelling av 12 ulvar utanfor ulvesonene og etablerte revir i området i haust og i vinter.

Lisensfellinga som blei stoppa var utanfor ulvesona i Hedmark, Oslo, Akershus og Østfold.

– Alternativ å anke

Tysdag gav ringretten WWF medhald i kravet om midlertidig forføyning. Same dag blei lisensfellinga av ulv i det aktuelle området stansa.

̶ Å anke rettsavgjerda i tingretten er også eit alternativ eg vurderer i samråd med Regjeringsadvokaten. Det er imidlertid stor sannsynlegheit for at ein ankeprosess kan gjere at det tek lenger tid før lisensfellinga eventuelt kan starte att enn om vi endrar vedtaket, seier Helgesen i ei pressemelding.

Flere saker fra Innlandet