Dei siste åra har stadig fleire geitebønder gitt opp på grunn av dårleg avkastning, men nå kan framtida sjå ljosare ut.
I førre månad lova landbruksminister Lars Sponheim å styrke norsk geitehald.
Geita skal bli lønnsam
I Hedmark og Oppland er det i tillegg sett i gang eit prosjekt som heiter "Lønnsom geit".
- Målet er å skape ny satsing på geitehald i Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen, seier prosjektleiar Torunn Kjøk.
- Prosjektet vil ha fire faser: Vi skal fyrst utvikle geitost i samsvar med tradisjonane, seier Kjøk. Seinare skal ein sjå på kjekjøttet som er ei delikatesse, men som i liten grad blir nytta i dag.
I tredje fase skal ulla under lupa. Moglegheita for å produsere ull skal granskast, og det er tale om å få inn Kashmirgeiter i norske geitefjøs. I siste fase skal kulturlandskapet pleiast.
Fleire skal drive med geit
Det er nå etablert eit BA med 12 andelseigarar. Geiteprosjektet har fått 600 000 kroner av Verdiskapingsprogrammet for mat. Dette er halvparten av det som trengst for å gjennomføre fyrste fase av prosjektet. Resten skal etter planen finansierast av andelslaget, og kommunar som framleis har geitehald.
Prosjektet skal gå over fleire år og målet er å få fleire til å drive med geit, og at geitehald skal bli meir lønnsamt.
Dette står og fell med at produkt basert på geit blir populært blant forbrukarane.