Hopp til innhold

Vil sende gamle FM-radioar til svenskane

Stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien tykkjer det er synd å skrote ein haug med FM-radioer. Nå lanserer ho ein ide som kan løyse problemet.

Anne Tingelstad Wøien radio

Anne Tingelstad Wøien håpar gamle FM-radioar kan få nytt liv i Sverige.

Foto: Karl Kristian Langeland / Privat

– Heilt brukbare FM-radioar bør vi ikkje gjenvinne og øydeleggje, dei bør vi rett og slett gje bort, seier stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien (Sp).

Det er ikkje sikre tal på kor mange FM-radioar som finst rundt om i norske heimar, men det er i alle fall snakk om mange millionar radioapparat som om kort tid vil vera ubrukbare.

– Eg har spurt klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen om han kunne tenke seg å setja i verk ei returordning der vi kunne gje bort radioapparata våre til svenskane.

Tingelstad Wøien er ikkje sikker på korleis dette skal organiserast, men ho er viss om at ein svenskehandel med motsett forteikn ville bli godt motteke på andre sida av grensa.

– Kanskje vi kan stå på grensa alle saman og gje bort radioane våre til svenske, humrar Wøien.

radio

Prosjektleiar Sylvi Odland i retursamarbeidet loop, nekta ikkje for at for at alle radioane som går i søpla, kan bli sett på som ressurssløseri.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Meiningslaust å kaste brukbare radioar

Ho seier ideen begynte mest som ein spøk, men etter å ha diskutert det med fleire, spela ho ideen over til Helgesen. Det er trendy med deling og gjenbruk, så kvifor ikkje samle inn radioar på same måten.

– Det er heilt meiningslaust å øydeleggje heilt brukbare FM-radioar når vi kan gje dei bort til svenskane. Det går vel sund radioar der innimellom også, seier Tingelstad Wøien.

Prosjektleiar Sylvelin Aadland i retursamarbeidet LOOP, nekta ikkje for at for at alle radioane som går i søpla, kan bli sett på som ressurssløseri.

– På mange måtar kan ein sjå på dette som miljøsløseri. I Noreg i dag samlar vi inn rundt 150 000 tonn elektrisk avfall.

Radioar er ein liten andel av dette, men radioen vil ha ein verdi vidare i form av nye råmaterialer. Heile 99 prosent av materialet i dei gamle FM-radioane kan brukast på nytt.

– Vi er opptatt av at det blir levert inn og tatt hand om på ein god måte og blir til nye produkt.

Ein gamal FM-radio kan oppgraderast til å ta imot dab-signal, men mange vil kjøpe nye dabradioar no før jul, og får du slik gåve, kan du levere den gamle radioen alle stader som sel radioar, eller på miljøstasjonen, opplyser Sylvelin Aadland i LOOP.