Hopp til innhold

Vil melde alle som kryssar jernbanesporet til politiet

Jernbaneverket har sett seg lei på all ulovleg kryssing av jernbanespor. Nå vil dei melde alle som går ulovleg over linja til politiet.

Hull i gjerdet ved Raufoss-jernbane

Berre på Gjøvikbanen har det vorte meldt om 96 farlege hendingar så langt i år. Særleg ved Raufoss er det mange hòl i gjerdet.

Foto: Arvid Torsgaard / Veslemøy Eineteig Christiansen / NRK

Mange har lagt seg til livsfarlege snarvegar over jernbanespor rundt omkring i landet. På Gjøvikbanen seier lokomotivførarane rett ut at dei er livredde for å køyre nokon i hel.

– Ein må vere merksam på at folk spring over toglinja. Men eg prøver å ikkje tenkje for mykje på det, da blir dagen uoverkommeleg, sa lokomotivførar Leif Asbjørn Seegaard til nrk.no tidlegare i år.

Problemet har vore særleg gale på Raufoss i Vestre Toten, der det dagleg blir klyppt hòl i gjerdet rundt jernbaneskinnene.

Video Hull i gjerdet ved Jernbanen

Vil melde til politiet

Berre sidan nyttår har det vorte rapportert om nærmare 1200 nestenulykker ved norske jernbanelinjer.

– Ved eit av tilfella klarte ein lokførar så vidt å stoppe framfor to fireåringar som sat på sporet. Da måtte lokføraren ut og fjerne ungane før han kom vidare, fortel Harry Korslund i Jernbaneverket.

Nå fortel han at dei utan unntak vil melde alle slike ulovlege sporkryssingar til politiet.

– Alle som gjer slikt bør tenkje på at det dagen etter kan vere eit lite barn som går gjennom det same hòlet og blir treft av toget, seier Harry Korslund i Jernbaneverket.