Hopp til innhold

Vann UngdomsBirken

Trond Engen Korsæth frå Lillehammer vann UngdomsBirken for 15-åringar. I klassa 16 år vart Henrik Bye Øren, også han frå Lillehammer, nummer to.

Sjå Engen Korsæth mot mål

Trond Engen Korsæth og Henrik Bye Øren
Foto: Hallgrim Rogn / NRK

- Dette betyr veldig mykje, sa ein glad Trond Engen Korsæth da han kom i mål i formiddag.

15-åringen har trent mykje, men var slett ikkje sikker på korleis det skulle gå. Han hadde vondt i halsen i går, men gav alt frå start i dag.

- Men eg trudde ikkje eg hadde sjansar til å vinne, seier han.

Trond Engen Korsæth synest det er veldig stort og morosamt at også ungdom på hans alder får høve til å sykle Birken, sjølv om dei ikkje er med i hovudrittet.