Den mannlege syklisten velta mellom 16 og 18 kilometer ut i løypa, melder NTB.
Ein lege i nærleiken vurderte skadane og bestemte at mannen skulle fraktast til sjukehuset med luftambulanse, opplyser dagleg leiar i Birkebeinerrittet, Tone Lien.
- Ikkje kritisk
I fylgje rittlege Anne Skotte, er det ansiktet som har fått dei alvorlegaste skadane.
- Han er kraftig oppskrapa i ansiktet. Dei siste opplysningane vi sit inne med er at mannen sin status er forholdsvis stabil, og at det kjem til å gå greit med han, seier ho.
Mannen er no komen til Ullevål universitetssjukehus.
Dei kan bekrefte at hovudskadane er omfattande, men at tilstanden er stabil.
I fylgje rittlegen er det ellers få skadar under årets Birkebeinerritt.
- Om ein ser talet på skadar opp mot talet på deltakarar, så er dette lågt, seier ho.