Les også: Folket sa nei til storkommune
- Vi gjorde eit ærleg og skikkeleg forsøk på å slå saman fire kommunar i Valdres, men det ville ikkje folket vera med på, sa ein skuffa ordførar i Vestre Slidre, Eivind Brenna (Bygdalista) måndag kveld.
Han seier at ei kommunesamanslåing i Valdres er heilt uaktuelt nå. Det er kommunestyra i Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal som har det siste ordet i saka, men Brenna meiner det er uaktuelt å gå mot resultatet frå den rådgjevande folkeavstemminga.
Ordførarane i Valdres fekk klart svar frå befolkninga. (Foto: Tone Merete Tho/NRK)
Engasjement
Det var berre i Nord-Aurdal innbyggjarane stemte for kommunesamanslåing (61,2%).
- Vi hadde trudd vi skulle få eit gjennomslag for ideen i alle kommunane, men det var ikkje folk modne for, seier Eivind Brenna. Nå meiner han det ligg ei stor utfordring i eit godt regionsamarbeid framover.
Alle dei fire ordførarane har vore svært tydelege på at dei meiner det er på tide å skipe ei storkommune i Valdres. Ei av dei, Gro Lundby (Ap) i Øystre Slidre var skuffa i går, men seier ordførarane ikkje tek nederlaget personleg.
- Uansett resultat så har vi vekt eit engasjement i Valdres, meiner ho.
- Nå må vi betre det regionale samarbeidet, seier Lundby.
- Ikkje før fylkeskommunen er borte
Bjarne Lome
- Spørsmålet om kommunesamanslåing i Valdres kjem aldri opp att på denne måten, seier gruppeleiar for Senterpartiet i Vestre Slidre, Bjarne Lome.
Han vart svært glad da resultatet frå folkeavstemminga vart lagt fram måndag kveld.
Men han er ikkje heilt framand for ei storkommune i Valdres i framtida.
- Dersom fylkeskommunen blir nedlagt, kan Valdres blir ein sterk region, der alle dei seks kommunane er med, seier Lome.
Skuffa kommunalminister
- Truleg er ikkje tida moden for kommunesamanslåing i Valdres ennå, meiner kommunalminister Erna Solberg.
Ho vart orientert om resultatet frå folkeavstemminga i Valdres måndag kveld, og det gjekk ikkje heilt slik som ho hadde håpa.
Det var stor merksemd rundt resultatet av folkesavstemminga. (Foto: Tone Merete Tho/NRK)
Trass i at Solberg lova pengar og til og med ekstraløyvingar beit ikkje valdrisane på.
- Det var ikkje uventa at dei aller fleste stemte nei til kommunesamanslåing, seier Solberg, som har sett seg inn i meiningsmålinga NRK presenterte før folkeavstemminga.
- Men ballen er ikkje lagt daud, det kan framleis bli ei storkommune i Valdres, berre ikkje akkurat nå, seier Solberg.