Hopp til innhold

Væpna gisselran på Otta

Væpna personar gjekk inn i ein bustad og tok ei kvinne og eit barn som gissel. Politiet etterlyser nå ein svart Audi A6.

Hus Otta-ran
Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Det var to væpna personar som gjekk inn i ein bustad på Otta på jakt etter pengar.

Når mannen i huset kom heim møtte han to væpna, maskerte personar i stova. Dei hadde teke hans sambuar og hennar dotter som gissel, og venta på at mannen skulle kome heim.

- Før mannen kom heim hadde dei mellom anna opna eit pengeskåp, og forlangte å få pengar frå familien, fortel operasjonsleiar ved Gudbrandsdal politidistrikt, Edmund Tofthagen.

Les: - Her stod ransbilen

Etterlyser Audi A6

Operasjonsleiar Edmund Tofthagen

Operasjonsleiar ved Gudbrandsdal politidistrikt, Edmund Tofthagen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Familien vart knebla og stengt inne i kjellaren, og medan dei var der reiste dei maskerte mennene frå staden. Mannen kom seg etterkvart ut gjennom eit kjellarvindauge, og fekk løpt frå staden og varsla politiet.

Det er foreløpig ikkje klart kor mykje ransmennene fekk med seg. Ifølgje politiet hadde ransmennene revolver eller pistolliknande våpen, og det vart ikkje avfyrt skot under ranet. Ingen fekk heller fysiske skader.

Politiet etterlyser nå ein svart Audi A6 stasjonsvogn av noko eldre modell. Bilen skal ha plast i bakruta, så mykje tyder på at ruta er knust.

- Mennene som gjennomførte ranet er slanke, i 30-årsalderen og maskerte, fortel Tofthagen. Ransoffera skal også ha fortalt at ranarane prata gebrokkent.

- Svært grovt

Politiet karakteriserer ranet som svært grovt. - Det er klart at når det blir brukt våpen mot folk så er det svært alvorleg, seier Tofthagen.

Han understrekar likevel at folk i området foreløpig ikkje har grunn til å vere engstelege.

Mannen som vart rana er kjent som ein rik mann på Otta, men politiet vil ikkje spekulere om det er grunnen til at ransmennene slo til akkurat her.

Fleire vegsperringar

Politiet fekk melding om ranet klokka 17.45 torsdag ettermiddag, sette opp vegsperringar fleire stader i Gudbrandsdalen.

- Vi har sett opp sperringar fleire stader rundt Otta, for vi er ikkje sikre på kva retning dei har reist, seier Tofthagen.

- Vi er svært interesserte i tips om denne bilen, eller andre observasjonar av ranarane, seier operasjonsleiar Edmund Tofthagen.

Kart Otta
Foto: Illustrasjon