Hopp til innhold

- Her stod ransbilen

Augevitne Per Kristian Hallan møtte ranarane og såg dei sette seg inn i bilen og reise.

Per Kristian Hallan
Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Per Kristian Hallan bur i nabolaget til familien som vart rana på Otta, og møtte ranarane rett utanfor døra.

Les: Væpna gisselran på Otta

- Det var to karar som kom gåande, utan å utmerke seg på noko vis. Dei virka heilt normale, sette seg inn i bilen dei hadde parkert her, og køyrde bort i vanleg tempo, fortel Hallan.

Mennene var ikkje maskerte når han møtte dei, og han kan skildre dei i detalj.

- Dei var mørkkledde, lyse i huda og ca 180 cm høge, seier Hallan.

Han høyrde ikkje mennene snakke, og veit difor ikkje om dei snakka nokor spesiell dialekt eller gebrokkent.

Kryssa E6

Hallan bur på andre sida av E6 enn huset som vart rana, så ransmennene kryssa altså vegen for å hente bilen dei hadde parkert.

- Mennene gjekk heilt vanleg, og det såg ikkje ut som dei hadde vore innblanda i noko spesielt. Eg såg korkje våpen eller ransutbytte, seier Hallan.

Det var fyrst når politiet banka på døra for å leite etter vitne at Hallan forstod at mennene hadde vore innblanda i noko kriminelt.

- Eg fekk jo sjokk når politiet fortalte kva som hadde skjedd, eg har sommarfuglar i magen ennå, seier han.

Nå er Hallan eit av dei viktigaste vitna politiet har i jakta på dei to brutale ransmennene.

Norske skilt

Bilen dei to mennene sette seg inn i hadde norske skilt, men mykje tyder på at desse kan vere falske.

- Dei sette seg inn og køyrde nordover, men eg såg ikkje kvar dei tok vegen etter at dei forsvann rundt svingen, seier Per Kristian Hallan.

Politiet hadde torsdag kveld framleis få spor i jakta på ransmennene.