Hopp til innhold

Utvidar suksessen med nasjonale turistvegar

Reiselivsbedrifter ved nasjonale turistvegar aukar omsetnaden meir enn tilsvarande bedrifter andre stader, viser ny rapport. No blir den nasjonale turistvegen over Valdresflye utvida med nye anlegg ved Gjendeosen.

Nasjonale turistveger Gjende

I over 20 kuldegrader arbeider Statens vegvesen med å bygge ut den nasjonale turistvegen ved Gjende. Her skal forholda for dei som vil gå Besseggen bli betre.

Foto: Even Lusæter / NRK

18 utvalde vegstrekningar har status som nasjonale turistvegar i Noreg. Dette er strekningar med ekstra høg reiselivssverda. Kvart år brukar vegvesenet 180 millionar kroner på å legge til rette desse vegstrekningane. Dei skal ha høg kvalitet både på service-bygningar og utsiktspunkt. I satsinga ligg det også ein stor marknadsføringssverda for store deler av distrikts-Noreg.

– Vi vil at turistar skal kome til Noreg og å bruke meir tid og pengar her. Og vegvesenet medverkar til næringsutvikling i distrikta med denne satsinga, seier Trine Kanter Zerwekh, reiselivskontak i Nasjonale turistvegar.

Trollstigen

Den spektakulære Trollstigen er blant dei nasjonale turistvegane som er ferdig utbygde. Her er det tilrettelagt utsiktspunkt og det er bygt ein heilt ny servicebygning med toalett, kioskar og restaurant.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Ein tydeleg effekt

Nye tal viser at reiselivsbedriftene langs dei nasjonale turistvegane har hatt ein kraftig auke i omsetnaden dei siste par åra. Nokre har ifølgje vegvesenet til og med tredobla omsetnaden.

Trine Kanter Zerwekh

Trine Kanter Zerwekh er reiselivskontakt i Nasjonale turistvegar.

Foto: Even Lusæther / NRK

– Vi ser ein heilt tydeleg effekt av dei nasjonale turistvegane, seier Zerwekh til NRK.

Frå 2007 til 2015 hadde reiselivsbedriftene langs den nasjonale turistvegen i Rondane ein verdiskapingsvekst på 92 prosent mot 42 prosent i tilsvarande bedrifter andre stader i Hedmark og Oppland, framgår det av den nye rapporten.

Vegvesenet viser til tilsvarande utvikling langs andre strekningar også, blant anna i Varanger i Finnmark.

Gjendeosen

Valdresflye er ein av dei 18 utvalde og på denne vegen finn du Gjendeosen. Dette er ein travel møteplass ved innfallsporten til Jotunheimen nasjonalpark. Den som skal gå Besseggen byrjar gjerne turen her med båttur på Gjende. Over 60.000 turistar reiste med båt på vatnet. No er Statens vegvesen i ferd med å legge til rette for at endå fleire skal ta turen.

– Gjende er éin av tre stader som er utpeika som reiselivs-ikon. Trollstigen er ferdig bygd. Vi er godt i gang ved Vøringsfossen. Og no startar vi på Gjende som er den tredje staden, seier prosjektleiar Lage Bakken.

Gjende

Båtane som fraktar turistar på Gjende om sommaren ligg på land. Men vinteren blir brukt til å legge til rette for neste turistsesong.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Utfordrande

Gjendeosen får no både ny brygge, nye parkeringsplassar og moderne toalettanlegg. Alt skal vere klart til ein ny turistsesong.

Lage Bakken

Lage Bakken er prosjektleiar i Nasjonale turistvegar.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Det er eit utfordrande arbeid i 23 minusgrader. Men vi kan ikkje gjere dette om sommaren. Dette arbeidet må gjerast om vinteren, seier Bakken.

Og nå viser tal at fleire bedrifter langs turistvegane har hatt ei stor auke i omsetjinga, mellom anna her på Gaularfjellet.

Ved Gjende står det att mykje arbeid før ein har eit målbart resultat, men i juni må anleggsmaskinene vike plassen for nye puljar med Besseggen-turistar.

– Høg visuell kvalitet

Det er Statens vegvesen som utviklar dei nasjonale turistvegane. Hovudkontoret for satsinga ligg på Lillehammer. Eit arkitekturråd skal sikre høg visuell kvalitet på utsiktspunkt og rasteplassar langs desse vegane. I arkitekturrådet deltek både ein arkitekt, landskapsarkitekt og ein biletkunstnar.

Flere saker fra Innlandet