Store sauetap gjorde at miljøverndepartementet ga løyve til felling av ein ulv i Midt-Østerdalen.
Rendalen og Stor-Elvdal får 18 000 kroner frå Fylkesmannen i Hedmark for å drive ulvejakt, men kven som skal betale det resterande beløpet er uvisst.
Statens ansvar
Ordførar i Stor-Elvdal kommune, Sigmund Vestad, meiner dette er Statens avsvar.
- Det er ingen tvil om at det offentlege burde betale. Når dei påfører oss dette og vi endeleg får eit fellingsløyve, så burde dei ta utgifta og ikkje føre det over på kommunen.
Rendalen og Stor-Elvdal er klare på at dette ikkje er ei kommunal utgift, seier Vestad.
Stort fellingslag
Harald Nordtun i Rendalen er ansvarleg for jaktlaget.
- Jakta skal konsentrerast innanfor området som er skildra frå departementet, og opp mot der det er beitefe som nå går ute, fortel Nordtun.
Fellingslaget i Rendalen tel 8-9 mann, og tilsvarande mannskap er klare til dyst i Stor-Elvdal. Kor mange som deltek i jakta kjem an på situasjonen.
Lang kamp
- Det er vanskeleg å si kor store sjansar vi har til å felle ulven. Vi skal prøve å gjera ein innsats og sjå korleis det går, seier jaktleiaren.
Kva betyr det at de har fått denne jakta, Sigmund Vestad?
- Vi har fått eit positivt svar på kampen som har foregått heile sommaren. Nå får vi ta ut skadedyr - av dyr vi ikkje skal ha verken i Stor-Elvdal eller Rendalen, seier Vestad.
Ulvejakta startar i dag, og fellingsløyvet gjeld ut oktober.