Hopp til innhold

Turistrekord for tredje år på rad

GÅLÅ (NRK): Det går mot rekordsommar for norsk fjellturisme i år. Mange fjellhotell har aldri hatt større besøk.

Det går mot rekordsommer for norsk fjellturisme i år. Flere fjellhoteller har aldri hatt større besøk noen gang. Noen av årsakene er trolig billigere norske kroner i tillegg til terrorfrykt og internasjonal uro.

Christina Steffes

Christina Steffes er oppglødd over den norske fjellheimen og kunne ikkje tenkt seg å feriere i sørlegare strøk i år.

Foto: Einar Langholen-Schulstad / NRK

– Så mykje natur, så mykje plass og så få folk, seier Christina Steffes frå Tyskland som vi møter i fjellet mellom Gudbrandsdalen og Jotunheimen. Ho legg strålande til at ho kjenner seg nesten åleine i fjellet.

123 gjestar til 87 senger

Men åleine kan ein knappast seie at ho er. For aldri før har overnattingsstadene hatt meir besøk. Ifølgje NHO Reiseliv er det for tredje året rekordsommar i fjellet.

Les: Rekordsommar også for campingturistane

Ved Wadahl Høgfjellshotell på Gålå kan hotelldirektør Trygve Grov smile breitt.

– Her har det vore "all time high" i år, seier han. Frå mai til no har det vore nær 25 prosent auka belegg på hotellet når han jamfører med same tida i fjor.

Hilde Mesics Kleven og Bente Lise Dagenborg på veg til Skogadalsbøen

I år er det fleire folk i fjellet enn nokon gong tidlegare. For tredje år på rad opplever fjellhyttene rekordsommar.

Foto: Sindre T. Lønnes / Den Norske Turistforening

– Heilt vilt!

Trine Marie Johansen, Skogadalsbøen

Også turisthytta Skogadalsbøen i Sogn og Fjordane merkar pågangen i fjellet. Dei har hatt stappfull hytte i natt, seier Trine Marie Johansen. Hytta skiltar med 87 sengeplassar, men i natt var det 123 gjester.

Ei ringjerunde til turiststader på Beitostølen, Rondane og Jotunheimen gjev same svar; folk vil til fjells.

Billegare i Noreg

Nokre av grunnane er truleg svakare norske kroner saman med terrorfrykt og internasjonal uro
Ifølgje NHO Reiseliv ligg det an til turistrekord i fjellet for tredje år på rad.

Tyske Christina Steffes er i følgje med turistar frå heimlandet og Nederland. Dei har akkurat tatt pause, og turistvertane kjem med etterlengta forsyningar.

– Eg kunne ikkje tenke meg å feriere i Tyrkia eller andre stader i Europa no, seier ho.

Knut Lyng

Knut Lyng i Gålå Booking har så langt i sommar hatt 20% fleire turistar enn rekordsommaren i fjor og året før der.

Foto: Einar Langholen-Schulstad / NRK

Turistvert Knut Lyng i Gålå Booking, seier turistane kjem til Skandinavia på grunn av uro og terroråtak i sørlegare strøk. Lyng meiner også at ei svekka norsk krone gjer det billegare å feriere i Noreg i år.

– Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, avrundar han med glimt i auga.

Flere saker fra Innlandet