Strømbo er sikta for å ha innført 370 kilo hasj frå Spania til Norge, og politiet meiner han er ein av dei mest sentrale i ei omfattande narkotikasak.
I varetekt
Mannen har allereie vore varetektsfengsla i seks veker, og sjølv om han nektar straffskuld samtykka han i fire nye veker i varetekt.
Atle Roll Mathiesen ved Vest-Oppland politidistrikt er aktor i saka og seier til Oppland Arbeiderblad at dei nå vil kartlegge rollene dei 12 har hatt i narkotikasmuglinga.
Strømbo eide blant anna ein av verdas mest kjente hestar; Sugarcane Hannover.