Sjølv om det stort sett er sunne saker å sjå i kantinehyllene på vidaregåande skular i Hedmark og Oppland, blir det framleis selt litt brus og sjokolade.
Bevisste elevar
- Men elevane har blitt veldig bevisste på kva dei har i seg seier, Turid Karlsen i kantina ved Gran videregående skole.
Ho fortel at elevane stiller mange spørsmål. Dei undrar seg over om det er mykje smør, sukker og majones i maten.
- Nå går det mykje i salat både blant gutar og jenter, seier Turid Karlsen.
- Bør kunne velje
Stange vidaregåande har ikkje innført Grøn kantine. Edle Solberg i kantina meiner det er greit å la elevane kjøpe det dei vil på skulen.
- Hadde vi ikkje hatt søtsaker i kantina, ville elevane uansett gått til Stange sentrum og handla der, for enkelte kan ikkje stå imot, seier Solberg. Det støttar elevane også.