NRK Meny
Normal

Student hjerneskadd etter tur på museum

LILLEHAMMER (NRK): I 2014 fall Andreas Strøm over fire meter ned i eit betonggolv under ei bilutstilling. I dag møtte han museet i retten.

Store skader

STORE SKADER: Slik såg Andreas ut etter å ha blitt operert.

Foto: privat / nrk

Andreas Strøm har gått til sivilt søksmål mot Norsk Vegmuseum fordi han meinar det statlege museet har erstatningsplikt etter fallulykka i 2014. I retten i dag fortalte han at han ikkje hugsar noko som helst frå sjølve ulykka, men at tida etterpå ha vore tøff.

I 2014 fall Andreas Strøm over fire meter ned i eit betonggolv under ei bilutstilling. I dag møtte han museet i retten.

Museet på si side meinar at det heile var eit hendeleg uhell som Strøm sjølv må ta ansvaret for.

Hovudspørsmålet, som tingretten må ta stilling til, er altså om fallet var ei uaktsom handling frå Strøm si side, eller om museet kan lastast på grunn av utforminga av den aktuelle Lamborghini-utstillinga.

Andreas Strøm

KLAR FOR RETTEN: Andreas Strøm utanfor rettslokala i Lillehammer i dag.

Foto: Arne Sørenes / nrk

Fall 4,5 meter ned i betonggolvet

Andreas Strøm var på studietur saman med resten av tredjekullet ved byggingeniørstudiet ved Høgskulen i Oslo og Akershus då ulykka skjedde. Besøket på Norsk Vegmuseum i Lillehammer var siste post på programmet, etter at dei tidlegare på dagen mellom anna hadde prøvd seg i bob-bana ved Hunderfossen.

Tre tidlegare studiekameratar og ein lærar ved høgskulen vitna i dag om kva som skjedde då Strøm fall 4,5 meter ned og vart hardt skadd. Det vart også spela av ein overvakingsvideo i retten som viste kva som skjedde:

Saman med dei tre kameratane gjekk Strøm rundt i utstillingslokalet og såg på den unike samlinga med italienske sportsbilar som akkurat då var hovudattraksjonen ved museet. Då Strøm skulle ta eit bilde av kameratane framfor ein av bilane, gjekk han bakover for å få større avstand.

Ved det han oppfatta som veggen, satte han seg delvis opp på ein kant, fekk overbalanse og tippa bakover. Men veggen bak han var ingen vegg, men derimot ein såkalla molton-duk. Kanten viste seg å vere toppen av eit rekkverk, og då duken gav etter fall Strøm bakover og ned i betonggolvet nesten fem meter under seg.

Ingen forstod at veggen var duk

Bilder fra bilutstilling

BILUTSTILLING: Det var på denne utstillinga ulykka skjedde. Rekkverket Strøm satte seg på, med duken bak, kan sjåast heilt til venstre i biletet.

Foto: Roar Berntsen / NRK

I retten i dag sa alle dei tre studiekameratane, samt læraren, at ingen av dei oppfatta at dette var ein duk før etter at ulykka hadde skjedd. Alle trudde dei var inne i ei rom som bestod av faste veggar på kvar side.

Advokaten til Strøm, Trond Walmsnæss Wehn, meinar dette var det viktigaste som kom fram i retten i dag:

– Samtlege vart svært overraska då min klient forsvant gjennom denne duken og slo seg stygt. Alle trudde dette var ein fast vegg.

Advokat Arne Johan Dahl representerar staten i saka. Han vil ikkje kommentere saka mens ho pågår, men la ned påstand i retten om at Staten må frifinnast frå kravet om erstatningsansvar.

Fekk hjerneskade

Konsekvensane av ulykka for Andreas Strøm har vore store. Han fekk omfattande brotskader i hovudet, og låg lenge i kunstig koma. I ettertid har han fått påvist varige hjerneskader, og lever i dag med epilepsi som følgje av ulykka. Samstundes er arbeidsevna sterkt redusert, sjølv om han mot legens råd likevel har klart å fullføre studia til byggingeniør.

I dag deltek han på arbeidstrening tre dagar i veka i regi av NAV. Han drøymer om ein dag å kunne jobbe i full stilling, men trur eigentleg ikkje det kjem til å skje slik helsesituasjonen er i dag. For han er utfallet av rettsaka avgjerande for korleis framtida kjemt til å bli:

– Å vinne saka vil gje meg økonomisk tryggleik ettersom eg ikkje kan jobbe hundre prosent. Så den tryggleiken hadde jo vore fin å ha.

Store skader i hovudet

STORE KONSEKVENSER: Andreas Strøm fekk store og omfattande brotskader i hovudet. Dette medfører mellom anna at han i dag lever med epilepsi som følgje av skader i hjernen.

Foto: privat / nrk

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Pågrepet etter ran

    En mann er pågrepet, mistenkt for å stå bak ranet av ei kvinne i 70-åra i Elverum lørdag kveld. Mannen er satt i arresten og vil blir avhørt mandag morgen.

    Laster Twitter-innhold
  • 21 varsel, Høgre innfører tiltak

    Høgre innfører ei rekkje tiltak etter å ha fått totalt 21 varsel fordelt på 12 personar om seksuell trakassering. Ti av varsla er mot Kristian Tonning Riise. Høgre opprettar òg eit utval, leidd av Henrik Syse, som skal vurdere handteringa av varsla.