Strykprosenten auka etter at ein kunne ta teorieksamen utan å ha gått på teorikurs fyrst.
Meir kjøring
Andreas Smestad, seksjonsleiar i Statens Vegvesen i Vestoppland, seier nye føresegner som kjem frå nyttår vil gjera opplæringa betre:
- Da blir det meir obligatorisk kjøring ved skulane, og elevane må gjennom meir opplæring enn det dei er pålagt i dag. Det vil føre til lengre kjøretid, seier Smestad. Han trur det vil gjera at fleire også klarar teoriprøva.
Framandspråklege
Det er i Kongsvinger og på Fagernes kandidatane har mest problem med den teoretiske prøva.
- Ei årsak kan vera at det er mange innvandrar med dårlege norskkunnskapar som går på trafikkskulane, forklarar Jon Olav Aamodt, dagleg leiar i Kongsvinger & Smedtorp Trafikkskole.
- Mange kjem frå byane og til distrikta fordi dei trur det er enklare å ta førarprøva her, seier Aamodt.