Talet på kundar er no kome opp i 20.000 abonnentar totalt.
Det stadfestar administrerande direktør, Erik S. Winther.
"To på topp"
Gudbrandsdal Energi er no den nest billigaste riksleverandøren av strøm, syner tal frå Konkurransetilsynet "Ti på topp"-liste.
Gudbrandsdal Energi sel krafta for 68,45 øre pr. kilowatt-time. Ingen av dei andre lokale leverandørane i Oppland er med blant dei ti billigaste i landet.
Hadde planlagt godt
Erik S. Winther meiner langsiktig planlegging gjer at dei kan halde ein lågare strømpris enn mange av konkurrentane.
Han seier dei hadde rekna ut om lag kor mykje strøm dei ville bruke i dei fire kaldaste vintermånadane, og tinga strøm for heile perioden i oktober.
Dermed slepp dei å handle dyr strøm på kraftbørsen frå veke til veke.