Hopp til innhold

Stefaren: – Rune vart ein slags Gud for henne

Stefaren til den fornærma 16-åringen i saka mot Rune Øygard, seier det var som ei manglande brikke som kom på plass den kvelden jenta fortalde om dei angivelege seksuelle overgrepa.

Olav Rønneberg om dag seks i retten i Øygardsaken.

Rapport fra retten- dag seks i Øygardsaken

Stefaren til jenta er i slekt med tiltalte Rune Øygard. Det var i bryllaupet til mora og stefaren, hausten 2008, at den 16 år gamle jenta først kom i kontakt med den 53 år gamle Vågå-ordføraren.

I åra etterpå tilbrakte Øygard og jenta svært mykje tid saman. Kontakten mellom tiltalte og den mindreårige jenta blei etterkvart svært intens, ifølgje stefaren.

– Det var kanskje på grensa til hjernevaksing. Rune var livet hennar og betydde alt. Han vart ein slags Gud, seier vitnet.

– Eg sa at ho ikkje måtte tru på alt Rune sa. Ho reagerte veldig sterkt på at eg sa noko negativt om Rune, legg stefaren til.

Forstod at noko skurra

Ein laurdag i september 2011, sette jenta seg ned med foreldra og stefaren og fortalde alt om det som hadde skjedd mellom henne og Vågå-ordføraren.

– Alt var så uverkeleg, samstundes tvilte eg ikkje eitt sekund på det jenta sa. Det var som ei brikke som fell på plass, seier stefaren om hans reaksjon på opplysningane jenta kom med.

Stefaren seier dei forstod at det var noko som skurra, men la til at han aldri trudde at det kunne vere overgrep inne i biletet.

Han hugsar at jenta ofte var inneslutta då ho kom heim frå Rune og Reidun. Ho sa hei og gjekk rett inn på rommet sitt. Mora var frykteleg frustrert over at ho var på denne måten.

– Mora sa fleire gonger at ho hadde ei dårleg magekjensle rundt dette. Ho bad dottera bruka meir tid med jamnaldrande, fortel stefaren.

(Saka held fram under biletet)

Øygard

Rune Øygard er Ap-politikar og ordførar i Vågå kommune i Oppland. Den 9. oktober starta rettssaka mot den overgrepstiltalte 53-åringen i Sør-Gudbrandsdal tingrett på Lillehammer.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

– Eg trudde sterkt på jenta og gjer det framleis

Mor til jenta ringde til Øygard straks etter at dei hadde fått greie på dei påståtte overgrepa, og ga klar beskjed om at han skulle halda seg unna jenta. Deretter skal Øygard ha ringt til jenta sin stefar og spurt kva som var på ferde.

– Han sa han hadde fått så rar ein telefon og lurte på om kva det betydde. På spørsmål frå meg om dei to hadde delt seng, svara han at« me har gjort det ein gong grunna plassmangel på ei hytte. Dersom ho har sagt noko slikt, forstår eg at de reagerer».

– Eg trudde så sterkt på jenta, og gjer det framleis. Me bad han vera ærleg overfor seg sjølv og oss, fortset stefaren.

– Ho vart lokka av Rune

Han fortel at dei i utgangspunktet såg positivt på kontakten mellom dottera og ekteparet Øygard, sjølv om mora var redd for at det skulle gå utover skulegangen.

Vitnet såg på seg sjølv som ein slags «brannmann», på den måten at han var eit mellomledd mellom foreldra og Øygard.

– Mor var uroa, men Rune roa meg ned. Det framstod som positivt. Eg føler på ein måte at ho vart lokka av Rune, seier han.

Thorbjørn Klundseter

Thorbjørn Klundseter er aktor i rettssaka mot Vågå-ordførar Rune Øygard (53). Ap-politikaren er tiltalt for å ha forgripe seg på ei mindreårig jente fleire titals gonger i perioden 2009-2011.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Me hadde sterk tillit til Rune og Reidun, det gjorde at jenta fekk lov til å reisa, fortalde stefaren.

Blei det for mykje? spør aktor.

– Ja, det eg vil seia det slik. Me forstod på ein måte at ho sleit, men ikkje kva som var årsaka til det. Me såg det på kroppsspråket og åtferda.

Stefaren seier at jenta har forandra seg til det betre etter at kontakta med Øygard vart broten.

– No opplever me at ho sit saman med oss i sofaen, me har samtalar og ho er meir livsglad, oppsummerer han.

Vil svekkja truverda til familie-vitne

Personane som har vitna tysdag er menneske som står den fornærma nær, og som støttar hennar forklaring i saka mot Øygard. Mora til jenta, kjærasten og mora til kjærasten er blant dei som har forklart seg i dag.

For mora var det ein tøff dag i retten. Ho tok fleire gonger til tårene. Retten måtte på eit tidspunkt leggja inn ein ekstra pause i forhandlingane då mora brast fullstendig saman i gråt.

Forsvararen til Øygard, Mette Yvonne Larsen, brukte god tid på å stilla spørsmål som kan bidra til å svekkja truverda til desse vitnene.