Hopp til innhold

– Northug og co hadde hatt godt av litt skogsarbeid

For 45 år sidan vann skogsarbeidarane Odd Martinsen, Harald Grønningen, Ole Ellefsæter og Gjermund Eggen stafettgull for Noreg. I dag vart dei heidra av Skogselskapet for sin innsats.

Video Stafettgutta frå 66 fekk heiderspris

– Vi fekk mykje gratis trening og vi var ute i frisk luft. Skogsarbeidet var nok ein av grunnane til at vi fekk dei resultata som vi fekk, seier Gjermund Eggen.

Han var Noreg sin ankermann da det vart stafettgull under VM i Holmenkollen i 1966. Alle dei fire på laget hadde levebrødet sitt som skogsarbeidarar, i tillegg til at dei var heile landet sine skiheltar.

Det har vore flott arrangement, men det er så lite å få sjå på grunn av tåka. I 66 såg vi godt, og mykje folk var det den gongen au.

Ole Ellefsæter om VM i Holmenkollen

Gode rollemodellar

Og nettopp det at dei framstått som ambassadørar for skogen har vorte lagt merke til. I dag vart dei tildelt Skogselskapet sin heiderspris i Kapellskogen bak skistadion i Holmenkollen.

– Formålet med prisen er mellom anna å heidre ein person eller gruppe som har vore rollemodellar for å synleggjere dei positive frilufts- og helsefremjande effektane som blir nådd ved aktiv bruk av skogen, heiter det i Skogselskapet si grunngjeving.

Stafettgutta fra 1966 med Olav Thon

Stafettlaget frå 1966 er framleis gode kameratar, og har følgd VM på ski i Holmenkollen saman. Olav Thon var stolt over å kunne dele ut pris.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Det var ein annan skogens mann som delte ut prisen. 88 år gamle Olav Thon tykte det var stort å få dele ut pris til nettopp stafettheltane frå 1966.

– Eg har følgd skisporten heilt sidan Johan Grøttumsbråten, og hugsar godt Thorleif Haug. Men desse karane er blant dei største heltane, sa Thon da han delte ut prisen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Skogsarbeid betre enn rulleski

– Det var overraskande å få prisen, men noko må vi vel ha gjort for å fortene den, seier Ole Ellefsæter.

Han var skogsarbeidar heilt til han vart pensjonist, og også dei tre andre på laget jobba som skogsarbeidarar samtidig med skikarrieren. Og dei trur at også dagens utøvarar kunne hatt godt av litt godt gammaldags kroppsarbeid.

– Det er betre med skogsarbeid enn å stake på rulleski etter ein grusveg. Kom dykk ut i skog og mark, det er mi anbefaling, seier Gjermund Eggen.