Hopp til innhold

Randonee er den nye trenden i fjellet

GJENDESHEIM (NRK): Før gjekk folk frå hytte til hytta på fjellski. No er det toppturar med Randonee-utstyr som lokkar folk til vinterfjellet.

På vei opp til toppen

LETT: Med det nye skiutstyret, så er det enklare å komme seg på toppen av fjellet.

Foto: Kristoffer Thuestad

– Responsen har vore heilt enorm. Vi la ut dei første kursa tidleg i oktober. To timar seinare fekk vi den første påmeldinga, seier kursleiar Ørjan Venaas.

Han arrangerer kurs i randonee-køyring ved Gjendesheim midt i Jotunheimen. Pågangen har vore så stor at dei har måtta seie nei til folk fordi dei ikkje har hatt kapasitet.

Randonee er i vinden som aldri før

FRANSK: Randonee er fransk og betyr å gå på tur. Det har blitt veldig populært i Noreg.

Foto: Kristoffer Thuestad

Den nye folkesporten?

Randoneeski er lette fjellski som du kan gå på topptur med. Når ein skal køyre nedover festar ein skistøvelen fast i bindinga som på ei slalåmski. I Noreg er dette ganske nytt, men lenger sør i Europa er sporten meir utbreidd enn langrenn. Randonee er opphavleg fransk og betyr å gå på fjelltur.

Ørjan Venaas

POPULÆRT: Kursleiar Ørjan Venaas seier kursa er så populære at det ikkje er plass til alle som vil.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Veldig mange som før har gått på fjellski og telemarksski, har funne ut at dette er ein måte å komme seg enkelt til toppen på. Det er ikkje tungt, og du får ei veldig fin turoppleving, seier Ørjan Venaas.

Randonee-kurs

FRIDOMSKJENSLE: Desse jentene seier det er ei herleg kjensle å sette utfor fjellsida på randonee-ski.

Foto: Even Lusæter / nrk

Nesten alle kurshelgene i Gjendesheim er heilt fulle. Deltakarane på kurset fortel at det er ei fantastisk oppleving å stå ned fjellsida i puddersnøen.

– Du får ein heilt annan fridomskjensle enn når du står i skibakken, seier Iselin Kjelsaas.

Randonee-kursa på Gjendesheim er blitt veldig populært.

NY TREND: Det er ganske nytt i Noreg å drive med dette, men no blir vertskapet i Jotunheimen overraska over folk som kjem med vanlege fjellski og ikkje randonee.

Førebur seg også på skred

Når stadig fleire skal oppsøke dei brattaste fjella, så aukar også fara for snøskred. I tillegg til kursing i randonee-køyring kan ein få kurs i «kameratredning» i Gjendesheim.

Randonee har blitt populært

SKREDKURS: – Folk skal ikkje vere redde for å gå på tur. Folk skal vere ute i naturen, meiner Ørjan Venaas som er leiar for skredgruppa Innlandet.

Foto: Kristoffer Thuestad

Kameratredning er det er som reddar liv når du er på topptur dersom ulukka er ute. Då har du 15 til 18 minutt på deg til å redde den som eventuelt er teke av snøskred. Det er viktig å trene, så vi lagar eit scenario, og tek tida på kor lang tid kursdeltakarane brukar på å grave fram igjen kameraten, seier Venaas.

Skredkurset er ei viktig del av «pakka» for å få ei fin og sikker oppleving når man skal på tur fortel Venaas. Han oppfordrar folk til å følge godt med rundt seg for å få ein tryggast mogleg topptur.

Merkar den aukande trenden

NRK har snakka med Norsk Sportsbransjeforbund som fortel at det i 2016 vart seld om lag 110 000 par alpinski og 14 % av desse var randonee-ski.

Marius Haugaløkken er vert ved Gjendesheim turisthytte og seier det vanlegvis ikkje er om vinteren dei har mest pågang, men sidan dei opna hytta i år har det vore mange turistar som skal på topptur. Han fortel at for om lag tre år sidan såg han ikkje randonee-utstyr i fjellet. No blir han forbausa om han ser nokon med vanlege fjellski.

– Vi merkar at det er blitt ein aukande trend å gå på topptur. Det er fleire og fleire med dyrt skiutstyr som søker seg opp i høgda, seier Haugaløkken.

Marius Haugaløkken

FOLKSAMT: Verten ved Gjendesheim turisthytte er nøgd når turisthytta blir fylt opp om vinteren også.

Foto: Even Lusæter / NRK