Hopp til innhold

13 politiske «fun facts» frå Innlandet

Vi har gravd fram (u)nyttig kunnskap om ordførarar, partilister og kandidatar i Innlandet. Les gjennom lista og du vil ha noko å seie i alle politiske diskusjonar fram mot valget.

Valg 2015

(U)NYTTIG: Ting du ikkje visste at du ville vite om politikken i Innlandet.

Foto: NRK

Valglogo

1) Giske

Trond Giske

Trond Giske er fetteren til ordføraren i Rendalen.

Foto: Ole Jørgen Finnes / NRK

Ordførar i Rendalen, Norvald Illevold, er søskenbarn med Trond Giske. Mor til Trond Giske heiter Norunn Illevold Giske. Ho er ein kjent sangpedagog og kordirigent, og kjem da altså frå Rendalen.

2) Upolitisk liste

I Vang i Valdres var det upolitisk liste som hadde ordføraren frå 1945 og i over 30 år. Han som braut dette hegemoniet i 1975, Erling Øraker, vart også vald inn på den upolitiske lista, men gjekk etter eit par år over til Senterpartiet.

3) Ingen toppkandidat

Tverrpolitisk kommuneliste i Sør-Aurdal har ingen toppkandidat eller ordførarkandidat. Lista er sett opp alfabetisk, og alle kandidatane stiller likt med tanke på å kome inn i kommunestyret.

4) Ingen kvinner

21 av dei 48 kommunane i Hedmark og Oppland har aldri hatt ei kvinne som ordførar. Blant dei er til dømes Hamar og Gjøvik. I fleire av desse kommunane er det store moglegheiter for at det blir ei kvinne som styrer kommunestyret etter årets valg.

5) Yngste kandidat

Even Aleksander Hagen

Even Aleksander Hagen kan bli landets yngste fylkesordførar.

Foto: Privat

Even Aleksander Hagen kan bli tidens yngste fylkesordførar her i landet. 27-åringen er fylkesordførarkandidaten til Oppland Arbeiderparti, som med unntak av fire år har hatt fylkesordføraren heilt sidan krigen.

6) Tek oppgjer med Stalin

Stalin

Radikale sosialister stiller liste i Åsnes. Dei tek eit oppgjer med Stalin-tida.

Foto: Scanpix

Radikale sosialister er eit parti som finst berre i Åsnes. Dei vart starta i 2005 da dei melde seg ut av Norges kommunistiske parti, blant anna fordi dei meinte at NKP ikkje har teke eit ordentleg oppgjer med Stalin-tida. Radikale sosialister har i dag Tore Karlstad som medlem i kommunestyret, og han tek gjenvalg også ved årets valg.

7) 306 lister stiller

I alt er det 306 lister som stiller ved kommunevalga i Hedmark og Oppland denne gongen. Arbeiderpartiet er det einaste partiet som har liste i alle 48 kommuner. Senterpartiet er også representert i alle kommuner, men i Engerdal og Stor-Elvdal stiller dei fellesliste saman med andre parti.

8) Populære ordførarar

Arvid Nyberg

Arvid Nyberg vart ordførar i Trysil i 1972.

Foto: Frode Meskau / NRK
Ole Martin Norderhaug

Ole Martin Norderhaug tok over etter Nyberg og sitt framleis.

Foto: Bjørn Anders Sørlie / NRK

I Trysil har dei hatt to ordførar frå 1972 og fram til i dag. Fyrst sat Arvid Nyberg frå 1972 til 1999. Deretter tok Ole Martin Norderhaug over, og har sete fram til i dag. Han tek ikkje gjenvalg, og det er duka for eit nytt fjes med ordførarklubba.

9) NS-ordførar

Torpa, som nå er ein del av Nordre Land, er den einaste kommunen i landet som har hatt ein demokratisk valgt ordførar frå Nasjonal Samling. Partiet fekk 17,3 prosent av stemmene ved valget i 1934, og Arve Frøisland sat som ordførar fram til 1937.

10) Færrast stemmer

Even Moen frå Senterpartiet i Stor-Elvdal vart ved førre valg vald til ordførar med berre 136 stemmer i ryggen. Partiet fekk 9,2 prosent av stemmene, og berre 2 av 21 i kommunestyret, men fekk likevel forhandla seg til ordføraren.

11) Lange forhandlingar

Eidskog var den siste kommunen i Innlandet som klarte å einast om ein ordførar ved førre valg. Der forhandla partia i ein månad etter valget, før Senterpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Venstre samla seg om Senterpartiets Knut Gustav Woie.

12) Lengst-sitjande ordførar

Henning Myrvang sat som ordførar i Sør-Odal frå 1975 til 2007, og er med sine 32 år den ordføraren i landet som har sete lengst med makta samanhengande. Niels Ødegaard sat som ordførar i Gjøvik i til saman 41 år, men vart fjerna frå ordførarstolen frå 1941 til 1945. Han har truleg både norsk og nordisk rekord i å sitje lengst som ordførar.

13) Skyttarkonge på topp

Ola Tore Dokken

Ola Tore Dokken har alt vorte konge to gonger. No vil han bli ordførar og.

Ola Tore Dokken har to gonger vorte skyttarkonge, og nå ynskjer han å bli ordførar i Nordre Land. Men han er ikkje den fyrste som har sjanse til å bli både konge og ordførar. Guren A. Gløtvold frå Engerdal vart skytterkonge i 1912. Han var samtidig den fyrste ordføraren i Engerdal, og hadde det vervet frå 1911 til 1916 og frå 1919 til 1925.

Sitt du på fleire nyttige, eller unyttige «fun facts» som folk burde vite om? Kom gjerne med dei i kommentarfeltet.