Bysta av tidligere statsminister Odvar Nordli utanfor Folkets Hus i Hamar er flytta inn i gangen.
Grunnen er stadig tilgrising av bronsebysta, som vart avduka 1. mai 1994.
Odvar Nordli i 1976.(Foto: Paul Owesen/NTB/Scanpix)
Ga opp
Dagleg leiar i Folkets Hus, Anne Karin Nerem, seier dei har gitt opp kampen mot tilgrisinga, og har flytta statua på innsida av inngangen.
- Det er lite respektabelt å grise til bysta, meiner Nerem. Ho tykkjer det er mykje tilgrising i Hamar.
- Det er synd at han ikkje fekk stå i fred, seier Nerem.
Trist
Bypatriot Berulf Taraldsen seier det er trist at statsministerbysta ikkje får stå i fred.
Han trur plasseringa av den låge bysta ved inngangen til Folkets Hus, nær fleire utestadar er feil. Han seier at Odvar Nordli fortener ein meir synleg plass enn han har fått inne på Folkets Hus.
- Det gir ei dårleg symboleffekt å gøyme bort Odvar Nordli på denne måten, meiner Taraldsen. Han var ein open og utadvent person som ikkje høyrer heime på gangen.