NRK Meny
Normal

Piloten er henta ut – flyklubb i sorg

Det var eit medlem i Nedre Romerike flyklubb som styrta i Sør-Aurdal i Valdres rett etter klokka ni tysdag kveld.

omkomne flyger hentes ut

HENTAST UT: Redningsmannskap arbeidde onsdag føremiddag med å hente ut den døde flygaren.

Foto: Vegard M. Aas / NRK

Onsdag føremiddag vart den omkomne flygaren henta ut av redningsmannskap.

Tenkjer på dei pårørande

Pressekontakt og nestleiar i Nedre Romerike flyklubb, Thore Nylund, bekreftar rett før klokka ni onsdag morgon at det var eitt av deira fly som gjekk ned ved Dyttholknatten i Sør-Aurdal tysdag kveld.

– Vi er veldig lei oss for at dette har skjedd og vi tenkjer på vedkomande sine pårørande, seier Nylund.

Redningsmanskap i arbeid etter flystyrten i Valdres

HENTAST UT: Redningsmannskap arbeidde onsdag føremiddag med å hente ut den døde flygaren.

Foto: Vegard M. Aas / NRK

Ein tosetar

Nedre Romerike flyklubb er landet største og held til på Kjeller flyplass like utanfor Lillestrøm. Klubben har seks fly og er i tillegg medeigar i eit akrofly og fleire veteranfly.

Ifylgje Nylund var det deira nyaste fly, ein tosetar av typen Aquila A211, som styrta.

Aquila A211

SMÅFLY: Det var dette flyet, eit Aquila A211, som styrta.

Foto: Jan Johansen / Planepics

Småflyet vart levert til klubben i 2016, og er eit einmotorsfly.

Rundt to hundre av flyklubben sine medlemmar har løyve til å bruke flyet.

– Vi vil nå informere internt i klubbmiljøet om ulykka, seier Nylund.

På Facebook sidene til Nedre Romerike flyklubb opplyser leiinga at dei har valt å sette det andre flyet dei har av same type på bakken.

Ein bekrefta omkommen

Flyet tok av frå Kjeller i sekstida tysdag kveld.

21.15 fekk politiets operasjonssentral i Innlandet fekk melding om at eit småfly hadde styrta i fjellveggen i fjellet Dyttholknatten i Sør-Aurdal kommune.

Flystyrt i Dyttholknatten i Sør-Aurdal

MYKJE KRAFT: I ulykkesområdet er det sett vrakrestar spreidd utover i eit område på om lag 200 gonger 200 meter.

Foto: Andreas Krantz / NRK

Luftambulanse, politihelikopter og redningshelikopter vart sendt ut via Hovedredningssentralen Sør-Norge, men terrenget er såpass kupert at det var vanskeleg å finne landingsplassar.

Kvart over eitt om natta opplyste politiet at dei hadde funnet ein omkommen person.

Politiet veit ikkje årsaka til ulykka

Konstituert driftsleiar i Innlandet politidistrikt, Bård Sørumshagen, fortel at dei ikkje har identifisert piloten, men at dei trur dei kjenner identiteten til vedkommande.

– Vi har varsla anteke pårørande, sa han i 11-tida.

Ulykka skjedde i eit område som ligg vanskeleg til. Hans Erdal, havariinspektør i Statens Havarikommisjon, fortel at det har vore ei utfordring for deira arbeid.

– Vi veit ikkje kva tilstand vraket er i, seier han.

I tolvtida kom krimteknikarar frå Hamar til staden for å undersøkje hendingsgangen.

Laster kart, vennligst vent...

STYRTA: Fjellet Søndre Dyttholknatten der småflyet styrta, er 1185 meter høgt.