Hopp til innhold

– Vi må snakke om sjølvmord

LILLEHAMMER (NRK): Over 200 menneske møttest på Stortorget på Lillehammer tysdag kveld, etter at fleire unge menneske har teke sitt eige liv den siste tida. Det må vere greitt å ikkje ha det greitt, meiner initiativtakar.

MINNEMARKERING etter selvmord

STØTTE: Klemmer og varme ord er måten dei unge møter kvarandre på etter fleire sjølvmord i Lillehammer-området den siste tida.

Foto: Kjell Åge Kampestuen / NRK

– Vi har mista venninna vår, så at så mange støtter opp og står saman om det, er veldig fint å sjå, seier Johanna Nustad Simensen.

Ho var på markeringa saman med venninnene Vilde Rolstad og Ragnhild Liven. Dei tykte det var fint å minnes dei døde ved å leggje ned ei rose, og sa at dei meiner det er viktig å vere opne og snakke om sjølvmord.

Må ta vare på kvarandre

Dei tre får støtte av ein av initiativtakarane til minnearrangementet, Kristoffer Hestetræet. Han håpar at meir openheit skal gjere det enklare å snakke om sjølvmord og problema ein har, og at færre i framtida tek sitt eige liv.

– Eg håpar at dei som er samla her i dag kan gå heim og ta litt ekstra godt vare på kvarandre. Det var målet vårt med minnemarkeringa. Minnast dei som har gått bort og samtidig auke bevisstheita rundt det å ta vare på kvarandre og snakke saman. Det er greitt å ikkje ha det greitt, sa han.

Kristoffer Hestetræet

INITIATIVTAKAR: Kristoffer Hestetræet er blant dei som står bak arrangementet.

Foto: Kjell Åge Kampestuen / NRK

Sjølvmord rører ved alle

Hestetræet fortel at han var glad for at så mange hadde møtt opp på markeringa, og fortalde at dødsfalla den siste tida pregar alle.

– Dette rører ved alle på eitt eller anna vis. Folk har sysken, døtrer, soner i den aldersgruppa som er rørt ved, seier initiativtakaren.

Rektor ved Lillehammer vidaregåande skule, Torbjørn Ljones, meiner difor at markeringa var på sin plass.

– Dette er ei veldig god samling på den måten at fleire genrasjonar kan møtast og snakke om det som har hendt, seier han.

Rektoren håpar at det vert lenge til Lillehammer opplever noko likande att. Han fortel at det nå vert mobilisert for å førebyggje sjølvmord, og at både helsepersonell, rådgjevarar i skulen og kyrkja er med på laget.

Flere saker fra Innlandet