Skinke, gris-æple og byggmjøl... Fleire turisthytter her i landet får nå lokale produkt på matbordet. Den Norske Turistforeining, DNT, samla i dag turistvertar og matprodusentar for å utvikle turistkulturen med lokale råvarer og tradisjonar.
Ein av innlederane på seminaret, kjendiskokk Arne Brimi, seier at distrikta ikkje lenger kan sverge til masseprodusert billeg mat.
- Dei må tvert imot må gje meir tå seg sjøl, seier Brimi.
- Reiselivet generellt skal selje ei idenditet, understreker han.
Stolt og tydeleg
Prosjektkoordinator Bodil Nordjore i Den Norske Turistforening seier at den lokale regionen må finne ei stolthet og idenditet i det lokale.
Ho avviser at lokal mat berre skal vera eit smykke i marknadsføringa av turisthyttene, men at lokale produkt kan utgjera ein stor del av menyen.
Utfordring med leveransar
Turisthytta Gjendesheim i Vågå har brukt litt lokal mat lenge, men sidan i fjor sommar har dei blitt meir bevisste på det.
- Turistane er opptatte av lokal mat, meiner vertinne Bjørg Aaseng Vole på Gjendesheim.
- Vi merkar ei stor interesse og at dei setter pris på det lokale, seier Aaseng Vole. Og Vole er ikkje i tvil om kva som blir den største bøygen i matsatsinga.
- Det er å få eit godt, lokalt leveransesystem gjennom heile året, understreker ho. Heimelaga skinke, spikjipysje, gris-eple å byggmjøl skal altså lokke turistane til fjells.
Berit Nordjore i DNT fortel at dei heile er støtta av landbruksdepartementet. Og målet er nå at enda fleire skal ta turen til turisthyttene: