Kruset frå lokalradioen kjem over dammen! Lars Graff har send både mail og stilig bilete, og gjekk altså ut av konkurransen som den heldige vinnaren av ein lokal gjenstand med høg "nostalgi-faktor", eit Opplandsradio-krus. Vi gratulerer og sender koppen til USA, der Lars har vore sia 1968!
Han er no seksti år, og har ikkje budd heime i Fron sia han gjekk ut av gymnaset på Vinstra i 1961. Sju år etter reiste han til USA, men han har ikkje gjeve heilt slepp på det nordiske - iallefall er han gift med svenske Ingrid, og dei har to søner, Anders (25) og Kristofer (23).
Lars fortel at han har dårleg med bilete av seg sjølv i amerikanske omgjevnader - fordi han som regel er den som fotograferer. Men sonen Kris tok dette biletet av far sin då dei var i Colorado på skitur i fjor. Staden er Arapaho Basin i The Rocky Mountains, 4000 meter over havet!