NRK Meny
Normal

Kven har den vakraste skidressen?

Fleire av årets birkebeinarar virkar å vere vel så interessert i mote som skiidrett. Nå kan du vere med og kåre Birkebeinerrennets vakraste skidress!

– Eg har aldri fått så mykje servering undervegs, så det er tydeleg at publikum likar folk som skil seg litt ut.

Per Christensen

Per Christensen skal gifte seg snart. Da må ein rekne med å bli kledd opp i Supermannkostyme under Birken.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Det seier Per Christensen, som hadde kledd seg i supermann-drakt før han gjekk birken på knappe fire timar.

Stem på årets skidress lenger ned!

Som du kanskje har forstått skal mannen gifte seg, og det var meir eller mindre gode kameratar som hadde kledd Christensen i supermanntruse som oppladning til utdrikkingslaget.

– Det var ein del vind på fjellet, så håpet var at kappa skulle fungere som seil, fortel den gifteklare birkebeinaren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Gjekk i maskotdrakt

Og ein kan undre seg kvifor ikkje Jan Thomas og andre ivrige motepoliti ikkje var til stades i målområdet ved Birkebeineren skistadion. For alle regnbogen sine fargar var inkludert, som Jon Heiberg sin over snittet spraglete og tettsitjande kondomdress.

– Det var eit røvarkjøp. Vi er fem stykkjer som har lik, og det er skikkeleg bra, for med desse fargane finn vi alltid att kvarandre, fortel Heiberg.

Jon Riise var ein av dei svettaste som vart observert i målområdet. Han var nemleg den heldig utvalte som fekk gå i eit kyllingkostyme laga til eit studentidrettslag i hovudstaden.

– Det var kolossalt varmt i oppoverbakkane. Utanom det var den overraskande god å gå i, men eg håpar at eg slepp å bruke den neste år.

Kylling under Birken

Det var varmt i motbakkane, men ellers fungerte kyllingkostymet bra, forteller Jon Riise.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND