Kritikken kjem i kjølvatnet av ungdomsbråket ved Harestuvannet natt til 17. mai der det vart slosskamp mellom politiet og ungdommar.
Brukte narkotika
Mange av dei unge var påverka av narkotika, ifølgje politiet.
Politibetent Christian Berge ved Lunner lensmannskontor meiner kommunen må prioritere forebyggjande tiltak blant dei unge.
- Kommunen skulle satsa meir på ungdommen. Mellom anna meiner vi kontakten ute skulle vore større. Ei ungdomskontakt som kunne vore ute i felten og passa på ville vore bra, seier Berge.
Ill.foto.
- Heilt samd
- Vi i Lunner kommune er einig i at ungdommen har for få tilbod.
Det seier varaordførar Elin Håkonsløkken.
Det er særleg sør i Lunner kommune at ungdommen har lite og ta seg til.
- Men å få friviljuge til å drive til dømes ein fritidsklubb er vanskeleg, seier Håkonsløkken, som meiner foreldre må på banen.
Ho vil ta saka opp med ordføraren. Håkonsløkken vil ha konferanse med alle dei tre Hadelandskommunane om ungdomstilbodet.