Kraftproduksjon gir store pengar i slunkne kommunekasser.
Dei fleste energiselskap gjekk i fjor med rekordoverskot, og for eigarkommunane betyr dette sårt tiltrengte ekstramidlar.
Fleire kommunar tok ut store utbyte frå Eidsiva energi.
I Oppland får til dømes Lillehammer 22 millionar kroner i utbytte frå Eidsiva energi, Nordre Land får 3.7 millionar frå VOKKS, i Hedmark får Hamar 38 millionar, Ringsaker 25, mens Hedmark fylkesommune får 45 millionar frå Eidsiva Energi.
Ordførar Tor Lillehovde i Ringsaker sier utbyttet er ein garanti for kommunen.
- I overskot for fyrste gong på lenge
- Vi er veldig avhenging av at vi får kraftpengar i tillegg til den ordinære økonomien i kommunen. Vi har ein horisont på tre år, slik at vi har ein utbyttepolitikk i selskapet som gir signal for tre og tre år, seier Lillehovde.
Elendig kommuneøkonomi kan også rettast opp i Øystre og Vestre Slidre, samt Nord-Aurdal. Kvar av dei kan plusse på nesten 6 millionar kroner i utbyte frå pengemaskina Valdres energi.
- Det fører til at vi gjer opp ein rekneskap med overskot, saman med at vi for fyrste gong på mange år får drifta til å gå i overskot, seier ordførar Eivind Brenna i Vestre Slidre.
Framleis stram økonomi
Nordre Land kan innkassere 3,7 millionar frå kraftselskapet VOKKS, og det er 700 000 kroner meir enn venta. Men pengane er ikke nok til å redde ein dårleg kommuneøkonomi.
- Kommuneøkonomien er fortsatt ganske stram. Det er ein føresetnad at vi får inn pengar frå kraftsektoren, men det kan uansett ikkje redde ein svak kommuneøkonomi. Men det er klart det hjelper på.
Nå har dei siste åra vore bra på kraftsida, og det gjer at vi får eit bra resultat, seier ordførar Liv Solveig Alstad i Nordre Land.