- Det var berre ein spøk, seier supportarane til ishockeylaget Stjernen, som ropte "Norges største kebab" til Hamardommar Svein-Erik Edvartsen søndag.
Det er ikkje Ishockeyforbundet einige i, som meiner det er rasisme, og vil forfølgje saka.
- Upassande
Edvartsen har pakistansk bakgrunn og hudfarge. Sjølv meiner dommaren at han har eit avslappa forhold til det som skjedde.
- Men det passar seg ikkje, meiner han om kommentarane.
Fleire hundre Stjernen-supportarar ropte "Norges største kebab" etter han.
Rapporterte hendinga
Stjernen sin supportargjeng Red Beavers har sendt ei unnskyldning til Edvartsen, men talsmann Atle Sælid påstår likevel at det heile var ein spøk.
- Vi har brukt dette uttrykket mange gonger, også på dei som ikkje er utlendingar. Red Beavers er ikkje rasistar, seier Sælid.
Edvartsen har sendt rapport om saka til Ishockeyforbundet, og dei meiner det som vart sagt var rasistisk.
Nå kan spøken, eller rasismen, få følgjer for Stjernen, opplyser Ishockeyforbundet som seier dei vil slå hardt ned på rasisme.